– Eg er framleis stolt over klubben og det fine anlegget på Hauge, seier Erik Just Olsen. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

25 år med golf på Hauge

Bjørnefjorden Golfklubb markerer jubileet med parturnering og open dag.

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I år er det 25 år sidan Bjørnefjorden Golfklubb blei stifta.

– Med 60 millionar utøvarar er golf, saman med tennis, verdas største individuelle idrett. Eg er framleis stolt over klubben og det fine anlegget på Hauge, og all den trening, trim, sosialt samvær og god folkehelse golfen gir til innbyggarane i og rundt Os, seier Erik Just Olsen.

Han var første daglege leiar i klubben, og har seinare vore både styreleiar og styremedlem.

– Vi er fleire frå fotballaget som rykte opp til eliteserien i 1974, som no går her og tenkjer at dette skulle vi ha starta med før. Det var kjekt med fotball òg, men dette er verkeleg ein god idrett med mange positive sider.

«Her kan det aldri koma ein golfbane»

Tysdag 22. november 1994 var datoen for stiftelsesmøtet. Grunneigar Samson Bjørke tok initiativet og kalte inn nokre golf-frelste kontaktar. Protokollen seier at golfklubben hadde 30 medlemmar, av desse var det 11 kvinner og 19 menn.

– Det starta med ein enkel 6-holsbane til trening. Det kosta 60 kroner å gå ein runde. Eg trur aldri eg har brukt så mykje pengar på éin sommar verken før eller etter, seier Erik og ler.

– Så kom ein forståsegpåar frå Bergen oppom, og han konkluderte med at «her kunne det aldri byggast ein golfbane». Tre grunneigarar, Bjørke, Lyssand og Kobbeltvedt, tok grep.
Med eigne maskiner og utstyr, saman med ein veksande dugnadsgjeng, sette dei i gang. Yttarlegare areal frå grunneigarane Risøen og Moberg måtte til.

– Nokre kilo dynamitt og nokre kilometer med drensrør seinare blei 9-holsbanen i 1999 godkjent av NGF. Året før var låven bygd om til klubbhus, fortel Just Olsen.

Les òg: Golfklubben på veg opp (mars 2017)

I norgestoppen

Bjørnefjorden Golfklubb har hevda seg i noregstoppen, ikkje berre med lag, men med junior- og seniorutøvarar. Øystein Engevik blei klubben sin første landslagsspelar. I 2009 tok han NM-sølv, i 2010 blei det bronse.

– Då han i 2010 var første i Noreg til å gå ein runde på under 60 slag gjekk han lenge under tilnamnet «Mr 59».

«Eg opna med to birdie (1 under par) og ein eagle (2 under par), å ligga fire under par etter tre hol var heilt utruleg, og eg byrja å kjenna det allereie då» sa Engevik til Midtsiden i juli 2010.

I 2011 blei Solveig Helgesen klubbens første, og til no einaste, noregsmeister i vaksen klasse. Ho blei òg noregsmeister som junior. Solveig var på landslaget i seks år og spelte turneringar i blant anna Afrika og USA med flagg på brystet.

Til helga kjem presidenten

Komande helg blir jubileet markert på Hauge. Laurdagen er det parturnering. Då kjem òg presidenten i Norges Golfforbund, Marit Wiig, på besøk. Søndagen er det open dag for alle som vil oppom og sjå eller prøva nokre slag på rangen, banen, puttegreenen eller i simulatorane.

– Området er for alle, sommar og vinter. Det er Os’ største opparbeidde park, og kan nyttast kor tid som helst, også for dei som ikkje speler, seier den lokale golfveteranen.

Les òg: – Eg fell for det fine avbrekket.

Fleire saker