Lokal | 24. okt. 2012

25% kan få hjelp lokalt

Os kommune etablerer ressurssenter for kreftomsorg på Luranetunet. Om lag 25% av den polikliniske behandlinga kan skje lokalt.

25% kan få hjelp lokalt
Monica Reiertsen Mjelde og Barbara Træland gler seg til å opna ressurssenter for kreftomsorg på Luranetunet (foto: Andris Hamre)
Andris Hamreonsdag 24. okt. 2012 13:02

På tenesteutvalet i byrjinga av oktober orienterte helse- og omsorgsjef Nils-Petter Borge om at kommunen hadde fått 300 000 kroner ekstra til å utgreia og etablera eit ressurssenter for kreftomsorg på Luranetunet.

- Det viste seg diverre å vera ein sakshandsamingsfeil frå Helsedirektoratet, så dei pengane kjem ikkje.

- Men vi får lov til å nytta restmidlar frå 2011 til å gjera ferdig utgreiingane og førebuinga av senteret, fortel helsefagleg rådgjevar Barbara Træland.

Ikkje mange nok til cellegiftbehandling

Pengane dei no nyttar er midlar som kom i samband med utgreiing av lokal cytostatika (cellegift) behandling. I 2011 fekk Os kommune 300 000 kroner til å utgreiie dette. Av desse midlar står det framleis 129 000 kroner igjen, som no nyttast til å førebu oppstart av det lokale ressursenteret.

- I høve til cytostatikabehandling såg vi at det ikkje var nok pasientar til å gjennomføra dette lokalt.

- Tilbodet skal vera minst like godt lokalt, som hjå spesialisthelsetenesta. Med få pasientar kunne vi ikkje sikra oss den naudsynte kompetansen og vi valde å gå vekk frå dette, fortel kreftsjukepleiar Monica Reiertsen Mjelde.

Slepp reisa til byen

I staden såg ein at mykje av den polikliniske behandlinga som går på smerte-, kvalme- og obstipasjon (fotstoppelse)-behandling med fordel kunne gjerast lokalt.

- Omlag 25% av pasientane som i dag får poliklinisk behandling på Haukeland vil kunne få eit like godt tilbod lokalt. Kvalitetsmessig skal ikkje behandlinga på Luranetunet så noko tilbake for behandlinga som blir gjeven på Haukeland.

- Også etterkontrollar, som gjerne er kvar 3. månad og intravenøs væskebehandling for dei pasientane som får cellegift, men som slit med å få i seg nok drikke, kan koma til å bli gjort på ressurssenteret.

- Det at pasientane slepp å reisa til byen for denne behandlinga trur eg mange vil setta pris på, seier Mjelde.

Spesialistane avgjer

Ho er klar på at ikkje alle vil kunne få tilbodet lokalt. Det vil vera onkologane (kreftlegane) på Haukeland som avgjer om pasienten kan få behandlinga lokalt eller om dei må koma inn til Haukeland.

- Til dømes vil pasientar som treng spesialistoppfølging og barn under 16 år framleis måtte reisa til Haukeland.

Bygger om kjøkenet

Ressurssenteret vil bli lagt til det gamle storkjøkenet på Luranetunet.

- Allereie har vi fått teikningar og sett på korleis vi kan bygga om for å få eit så teneleg som mogleg senter.

- Om alt går etter planen vil senteret kunne stå ferdig før neste sommar, fortel Træland.

- I tillegg til den behandlinga vi vil kunne gje på ressurssenteret, vil vi kunne nytta oss av ØH-sengene på behandlingsavdelinga og det øvrige tilbodet på behandlingavdelinga om legen vurderar det som mest hensiktsmessig, legg Mjelde til.

God hjelp frå Helse Bergen

Ressurssenteret er planlagt å vera ope to dagar i veka og bli betjent av ein lege og ein kreftsjukepleiar.

- Vi er midt i arbeidet med å sjå på korleis vi skal organisera tilbodet. Der har vi med oss dyktige folk frå Helse Bergen med ein onkolog, ein kreftsjukepleiar og ei frå utviklingsavdelinga i Helse Bergen, avsluttar Barbara Træland.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.