25 skadar i nyttårsstormen
– Vi trur mengda innrapporterte skadar vil auka i dagane som kjem, seier Arne Voll hos Gjensidige.

Gjensidige hadde klokka 13 onsdag mottatt nærmare 100 skadar etter stormen som herja på Vestlandet nyttårsaftan og første nyttårsdag.
Av desse er 25 i Hordaland, 15 i Møre og Romsdal og 15 i Rogaland.
– Vi trur talet på skadar vil auka noko i dagane som kjem, seier kommunikasjonssjef Arne Voll i Gjensidige.
Midtsiden har ikkje lykkast i å få lokale tal for Os, men kjenner til skade på takstein både i Varåsen og på Hatvik. På Søfteland fekk ei leikehytte gjennomgå.
I tillegg var det fleire store straumbrot i Os, og skadar på ein ballbinge i Halhjemsmarka.
– Mesteparten av stormskadene er på hus og heim, garasje og driftbygningar.
Har du sjekka hus, hytte og båt?
I snitt ligg vindskadeerstatning på rundt 70.000 kroner.
– Så langt er erstatningsutbetalinga beskjeden, og ligg an til å bli i underkant av 10 millionar kroner totalt, seier Voll.
Tala inkluderer skadar på 10 bilar som er råka av lause gjenstandar.
Gjensidige oppfordrar alle som har vore utsett for stormen om å sjekka hus, hytte og båt for skade.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Bli medlem du også!
Di støtte gir liv til lokalavisa vår.
- Tilgang til alt innhald
- Utan bindingstid
- Fra 36 kr/uke
Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.