Kultur | 22. juli 2017

281.000 avspelingar første dag

KREAM har fått ein knallstart med den nye låta «Drowning».

281.000 avspelingar første dag
KREAM kom i går med den nye låten «Drowning». (Foto: Martin Litwicki)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 22. juli 2017 20:50

Bildeserie:

Clara Mae har vokal på låten «Drowning». (Ill.: KREAM)
Clara Mae har vokal på låten «Drowning». (Ill.: KREAM)
1 av 1
Clara Mae har vokal på låten «Drowning». (Ill.: KREAM)

Fredag, på dagen to veker før dei går på scenen på Osfest, lanserte brørne Markus og Daniel Slettebakken frå Os si første låt etter supersuksessen med «Taped Up Heart».

«Taped Up Heart», som kom ut i fjor haust, har passert utrulege 70 millionar avspelingar på Spotify. KREAM har no over 1,4 millionar månadlege lyttarar på musikken sin.

Den nye låten «Drowning» blei spelt 281.000 gongar første dag.

– Vi er veldig nøgde, seier Markus Slettebakken.

Til samanlikning blei «Taped Up Heart» spelt 200.000 gongar første dag.

Med Clara Mae på vokal

Den opprinnelege ideen til låta «Drowning» starta heime i Os og Bergen for om lag eit år sidan. Brørne skreiv tekst til låta i New York på hausten, og enda opp med en ganske annleis versjon enn dei i utgangspunktet hadde.

Låten er saman med den svenske vokalisten Clara Mae, som òg har vokal på «Taped Up Heart».

Etter fire store jobbar i USA spelte KREAM, for første gong saman med Clara Mae, for fleire tusen på VG-lista-konserten i Oslo laurdag 24. juni.

– Konsertane i USA var fantastiske! Det var uvant å spela for amerikansk publikum, men det gjekk veldig bra, fortel Daniel.

– Det var også gøy å få spela på den TV-sendte konserten i Oslo, ikkje minst sidan dette var vår første livekonsert saman med Clara Mae.

Byr på fleire nye låtar på Osfest

KREAM skal i sommar spela på Findings i Oslo, Utopia i Stavanger og Forza på Lillestrøm - i tillegg til oppdrag på fadderveker ved forskjellig høgskular.

Men først; heimebanen Osfest fredag 11. august.

– Kva kan heimepublikummet venta seg på Osfest?

– Mykje energi og ein del ny musikk som førebels ikkje er gjeven ut, lover brørne, som gler seg til å stå på scenen på grusen i Os sentrum.

Dei andre banda som skal på scenen på Osfest same kveld er: Testpilot, Unge Ferrari, Jesper Jenset, Julie Bergan og Madcon.

– Kva er planen for hausten?

– Vi skal spela ein del konsertar, men vi ønskjer òg å gje ut éi til to singlar til før året er omme, seier brørne Slettebakken.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.