Kultur | 11. des. 2018

3 lokale album blant dei 25 beste

Os markerer seg godt på Dagbladet si liste over dei beste norske platene i 2018.

3 lokale album blant dei 25 beste
Brutalt bra frå Lysefjorden! Immortal returnerte til strålande kritikkar i 2018. (Pressefoto)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 11. des. 2018 10:23

Bildeserie:

Aurora gjorde det ho skulle - å levera den vanskelege andreplata. (Foto: Morgan Hill Murphy)
Aurora gjorde det ho skulle - å levera den vanskelege andreplata. (Foto: Morgan Hill Murphy)
– Dette er ei stor ære, seier Emil Nordtveit. (Foto: KVB)
– Dette er ei stor ære, seier Emil Nordtveit. (Foto: KVB)
Mighty Magnolias under Osfest 2018. (Foto: KVB)
Mighty Magnolias under Osfest 2018. (Foto: KVB)
1 av 3
Aurora gjorde det ho skulle - å levera den vanskelege andreplata. (Foto: Morgan Hill Murphy)
– Dette er ei stor ære, seier Emil Nordtveit. (Foto: KVB)
Mighty Magnolias under Osfest 2018. (Foto: KVB)

Dagbladet sin musikkredaksjon la nyleg ut ei liste over kva dei meiner er dei beste norske platene i 2018. Musikk frå Vestlandet og Bergen dominerer lista, med namn som Thea Hjelmeland, Boy Pablo, Razika og Hjerteslag.

Endå kjekkare er det å sjå at Os og Bjørnafjorden held fram med å setja sitt preg på musikkbransjen.

Attende etter turbulente år

Immortal-namnet har vore synonymt med noko av det beste innan svartmetall sidan tidleg på 90-talet. Bandet med utgangspunkt i Lysefjorden har ein status ute verda som ofte vert oversett her heime i Noreg. Dei siste åra har det til tider vore meir snakk om ein bitter splid enn om musikken til Immortal.

Ei usemje førde til at Olve «Abbath» Eikemo gjekk solo, og byrja for seg sjølv under namnet «Abbath». I riksmedia kunne vi lesa om at kven som skulle ha retten til namnet og varemerket Immortal, vart ei sak for Patentstyret. Saka enda med at Eikemo ikkje nådde fram med å krevja eineretten til namnet Immortal, og han valde å forlata bandet.

Harald «Demonaz» Nævdal og Reidar «Horg» Horghagen jobba så vidare med det som skulle bli eit monumentalt comeback i 2018.

«Northern Chaos Gods» dundra inn på platemarknaden til ståande applaus frå musikkpressa, og hamnar på 10.plass på Dagbladet si kåring.

Det vanskelege andrealbumet

Mykje har skjedd sidan Aurora slapp «All My Demons Greeting Me As A Friend» i 2016.

I ein heilt ny film laga av Flimmer Film, får vi sjå to travle år i ei ung jente sitt liv; eit meir og meir krevjande turné-liv verda over, samstundes som ho skal følgja opp suksessen frå den første plata.

«Infections Of A Different Kind Step 1» gjorde det ho skulle, og hamnar på 12.plass på Dagbladet si liste.

Stolte

Då Mighty Magnolias slapp si andre plate i oktober, var det òg til gode kritikkar.

Dagbladet skreiv mellom anna at det som kom ut frå høgtalarane var rein fløyel med smakfulle melodiar og silkemjuke harmoniar frå Emil Nordtveit og Ine Tumyr.

Emil Nortveit seier i kommentar til Midtsiden at han set pris på å hamna på lista til Dagbladet;

– Vi er veldig stolt over at «Unknown Skyline» hamna på ei slik liste. Det vert gjeven ut mykje musikk i Noreg, så dette er ei stor ære.

– I tillegg er det veldig kjekt at tre av albuma er gjevne ut av artistar som kjem frå Os, eller har base her, avsluttar Nortveit.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.