3 minutt frå 3. divisjon

Damelaget til Os gjekk skuffa av banen etter dagens opprykkskamp på Kuventræ.

Dette kunne vore matcvinnarskåringa, av Guro Veglo (t.v.). Tonje Lindbom (midten) var også frampå, men ballen gjekk forbi både medspelar og keeper. (Lesarbilde, foto: Hilde Veglo/Anna Kolskogen)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 17. nov. 2013 19:45

Bildeserie:

Skuffa Os-spelarar. (Lesarbilde, foto: Hilde Veglo/Anna Kolskogen)
Mange kom for å sjå opprykkskampen. (Lesarbilde, foto: Hilde Veglo/Anna Kolskogen)
Os dominerte. (Lesarbilde, foto: Hilde Veglo/Anna Kolskogen)
Trine Lund utlikna til 1-1, her med frispark i 2. omgang. (Lesarbilde, foto: Hilde Veglo/Anna Kolskogen)
Linda Johansen på løp. (Lesarbilde, foto: Hilde Veglo/Anna Kolskogen)
Heidi Kloven. (Lesarbilde, foto: Hilde Veglo/Anna Kolskogen)
Jubel i Hordabø-leiren. (Lesarbilde, foto: Hilde Veglo/Anna Kolskogen)
Skuffa Os-spelarar. (Lesarbilde, foto: Hilde Veglo/Anna Kolskogen)
Mange kom for å sjå opprykkskampen. (Lesarbilde, foto: Hilde Veglo/Anna Kolskogen)
1 av 7

Tre lag har dei siste vekene spelt om éin ledig plass i 3. divisjon 2014.

Os spelte 1-1 borte mot Rubbestadneset medan Hordabø/Radøy Manger slo Rubbestadneset 3-1 heime.

Dagens kamp var avgjerande, Os måtte slå Hordabø, og sånn blei det nesten òg.

Os - Hordabø/Radøy Manger 2-2 (1-1)
Målskårarar, Os: Trine Lund og Guro Drange Veglo

– Eg er veldig skuffa, ikkje minst på vegne av jentene, og spesielt sidan vi var så mykje betre enn gjestane, seier Os-trenar Cato Moldskred.

Hordabø gjekk opp i leiinga på eit frispark, men Os utlikna ved Trine Lund før pause. Trine sette ballen i nota etter litt klabb og babb etter ein corner.

– I 2. omgang tok vi meir over og mesteparten av spelet blei på deira banehalvdel. Guro kom skrått over på motsett kant av der ho speler og sette inn det som skulle vore matchvinnar-skåringa, fortel Moldskred.

Avgjort rett før slutt

Men tre minutt før slutt kom Hordabø på ein overgang, på noko fleire i Os-leiren meinte var offside, og sette inn 2-2.

Kampen enda 2-2 og Os står med 2 poeng mot Hordabø sine 4, og må venta til neste år med å prøva å rykka opp frå 4. divisjon.

– Vi var så gira på dette og spelte så bra i dag at dette blei bittert. No tar vi ein kort pause og så håper vi på å ha flest mogleg med oss på ei god oppkjøring i vinter, seier Moldskred.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Sommartilbod frå 5 kr
Få sommartilbodet

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.