Sport | 21. aug. 2011

3. plass i NM

Markus Slettebakken hevda seg godt i senior-NM i helga, Freddy Haugan rauk ut med skade.

3. plass i NM
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøysøndag 21. aug. 2011 20:26

I helga har osingane Markus Slettebakken og Freddy Haugan deltatt i senior-NM i vassjet.

Årets noregsmeisterskap blei arrangert under Drammen Elvefestival.

– Racet gjekk i elva og det var masse publikum, så det var ekstra kjekt, seier Markus.

Han er litt skuffa over at han ikkje tok medalje i lite-klassen, der måtte han nøya seg med 4. plass. Men i sprint (1,5 runde) gjekk det litt betre.

Ikkje overraskande var det Ronny «Smurfen» Mangerud som stakk av med sigeren.

Også Stian Schjetlein blei for rask, men Slettebakken tar med seg ein fin bronsemedalje heim til Os.

Kameraten Freddy Haugan gjekk det ikkje like bra med. Han var uheldig og slo seg. Haugan blei frakta vekk på båre og var til lege for sjekk, men skal ha kome tilbake til arenaen og berre vore lettare skadd.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.