Denne helga går den årlege, store barefotballcupen på Kuventræ av stabelen.
122 lag frå 18 klubbar deltar i cupen, som no har fokus på både kosthald og kvile i tillegg til rørsle.
Sjå bildeserie og video frå den kokvarme cupdagen laurdag.
Sondre Ødegård Aksnes, som er topp 10 i Noreg innan freestyle-fotball, har med seg ein annan ballsikker osing og har oppvising i løpet av cupen.
I ruta over ser du delar av showet dei køyrde laurdag, der Sondre blant anna tar 3 x jorda rundt.