Tre senterleiarar samla: Anne Kristine Tøsdal, Silje Lygre og Solveig Oksholm Hunhammer (foto: Andris Hamre)

30 år på senteret

Tre senterleiarar mimrer om lått og løye, men òg tunge stunder gjennom 30 år med senteret.

image
image
image
image
image
Av: Andris Hamre

Laurdag feirer AMFI Os 30 år. Vi samla Solveig Oksholm Hunhammer (1990-2007), Anne Kristine Tøsdal (2007-2015) og Silje Lygre (2015-d.d.) til ein morgonkaffe og mimring på senterkontoret.

– Det er fantastisk at det allereie har gått tredve år. Framleis er det nok eindel vaksne osingar som meiner at senteret er nytt, smiler «sjuande mor i huset», Solveig Oksholm Hunhammer.

Hadde det ikkje vore for Arne T Faannessen (leia senteret frå 88 til 90) og Christer Danielsen (som var leiar medan Anne Kristine Tøsdal var i mammapermisjon) så har dei tre damene vore leiarar for senteret i alle dei tredve åra, så det er ein solid kunnskapsbank vi sit framfor denne torsdagsmorgonen.

– Då eg starta var levetida på ein senterleiar 18 månader. Det at vi alle har vore her så lenge er vel eit prov på at vi har klart å skape eit godt miljø. Sjå berre på staben vi har hatt med oss. Torunn som var dekoratør då senteret opna held på til ho gjekk av med pensjon. Av driftsleiarar har vi berre hatt to. Magnar var her frå 88 til han gjekk av med pensjon og Sigmund som er driftsleiar no, hadde kontor her og tok over då Magnar gjekk av.

Må halde orden

Sjølv om det er lenge sidan ho gav seg som senterleiar og i staden blei eigedomssjef for AMFI Os og fleire andre senter, så er det ikkje alt ho klarer å la vera å stikke fingrane borti.

– Solveig er oppteken av at senteret skal vera reint og ryddig. Det gjeld her på kontoret også, så når eg kom i dag så sto Solveig på kjøkkenet og vaska, smiler Silje Lygre.

– Ja, eg er oppteken av slike ting. Det var vel slik at du rydda pulten din når du visste eg skulle komma innom, ler Solveig og ser på Anne Kristine Tøsdal, som innrømmar at det var det.

Det folk ikkje ser

Nettopp å ha eit reint, ryddig og innbydande senter er dei alle tre opptekne av.

– Du blir litt yrkesskadd av å ha ein jobb som dette. Det er viktig at til dømes toaletta er reine og pene, at det ikkje er visne blomer eller andre ting som ikkje er som det skal. Det er kanskje ein del av den jobben det er å vera senterleiar, å sørgje for at alt det kundene ikkje ser før det ikkje er på plass, er på plass, ler dei tre medan Solveig fortel korleis ho blei fotfølgd av ein vektar på eit søstersenter på Lillehammer, kor ho gjekk og såg på og tok bileter av ulike løysingar rundt i senteret.

– Han trudde nok eg hadde skumlare planar, men det roa seg då eg gav han visittkortet mitt og fortalde kva eg jobba med.

1,5 millionar kundar årleg

Etter ein tøff og tung start på slutten av 80-talet og byrjinga av 90-talet har pilene for senteret berre peikt oppover.

– I dag er vi blant dei ti beste sentera i kjeden og har hatt vekst kvart år siden 1991. Ikkje alltid like stor, men stadig vekst. I fjor hadde vi omlag 1,5 millionar kunder innom senteret, fortel Silje.

– Eg høyrde forresten på radioen hit at Operahuset i Oslo skulle feire tiårsjubileum no og at dei skulle invitere to frå kvar kommune i Noreg for å feire at dei hadde hatt tre millionar besøkande på ti åra. Då kan vi vel vi vera nøgd med å ha halvparten kvart år, skyt Solveig inn.

Tok heilt av

Gjennom åra har ei lang rekkje artistar og kjendisar vitja senteret, alt frå Bjøro Håland og Odd Gryte til Tone Damli, Bjørn Johan Muri og lokale artistar som Eirik Søfteland, Orbo og HM Johnsen.

– Villast blei det den gangen Sputnik kom. Eg skal innrømma at eg ikkje hadde veldig lyst på at han skulle komma, men han var på ein turné for Nille og tilslutt gav eg etter. Det blei så fullt at eg var redd andre etasjen skulle ramla ned, seier Solveig.

– Like gale var det vel då den første gjengen frå tv-programmet Big Brother var her. Det fullstendig kaos, supplerer Silje, som den gangen var butikksjef i Notabene.

– Ein annan gang hadde vi Mummitrollet og venene her til eit show. Etter showet hang alle ungane på dei og ville ikkje slippe taket. Då måtte eg til slutt seie at no måtte eg ta med meg Mummitrollet tilbake til Mummidalen, ellers ville Mummimamma og Mummipappa bli uroa. Då fekk eg lov til å leie dei ut her, smiler Solveig.

Stas å opna nytt

På spørsmål om kva som har vore dei største gledane i løpet av dei tredve åra er dei samstemde.

– Det er når det blir opna nye butikker i senteret. Osingane er utruleg positive. Folk vil kvarandre vel, smiler Anne Kristine.

– Det same engasjementet ser vi i dag. Folk skryt og gratulerer når nye kjem til. Mi oppleving er at folk er flinke til å bruke butikkane og å handla lokalt, supplerer Silje.

– Eg er einig, men for meg er 2. november 2006 ein merkedato. Det var då vi tok i bruk den nye delen av senteret og  kunne rekne oss som eit skikkeleg senter. Spesielt etter den tunge starten vi hadde på slutten av 80-talet og byrjinga av 90-talet, så hadde vi vist at vi hadde fått det til. Det er når det er fullt av folk og god stemning det er ekstra gøy å vera senterleiar, seier Solveig.

Spesielle stemningar

Det har ikkje berre vore glede, latter og liv. Også nokre nasjonale og internasjonale hendingar har vore med på å setta preg på dei 30 åra.

– Då kong Olav døde i 1991 så stengde vi senteret dei to timane gravferda var. Det var ei veldig spesiell stemning og oppleving å vera med på, fortel Solveig.

– Også 11. september 2001 var spesiell. Eg dreiv og bygde butikk og var heilt isolert då eg fekk ei tekstmelding frå bror min om kva som hadde skjedd. Du veit vi hadde ikkje smart-telefonar og internett slik som vi har i dag, seier Silje.

– Eg sto i rulletrappa på veg opp i andre høgda då dei ropte frå Drageset og fortalde kva som hadde skjedd. Vi trudde jo først at det berre var eit fly som hadde gjort noko feil under innflyging, men då det andre flyet flaug inn i det andre tårnet, så skjønte vi at det var noko spesielt.

– Då vi litt seinare hadde eitt minutts stillheit for å minnast offera var det veldig spesielt, det var heilt stille i senteret, noko vi ikkje er vant til.

– Det er omtrent som når vi har rømningsøvingar og tømmer senteret. Eg kjenner eit fysisk ubehag kvar gang vi gjer det, for det er naturstridig for ein senterleiar å ha eit stille senter, her skal det jo vera liv og stemning, seier Solveig.

Ei veke med feiring

Liv og røre blir det når 30-årsdagen skal feirast med brask og bram.

– På sjølve dagen, laurdag 14. april blir det delt ut lodd ved hovedinnganegn til dei hundre første kundane som kjem kl. 10. Her kan ein vinne gåvekort, vi deler ut 30 stk denne morgenen, med verdi fra kr. 100,- og opptil kr. 1000,- .

– Klokka 12 blir det servert gratis kake og kaffi til kundane våre. I tillegg kjem Amfelia & Oskar og deler ut overraskingar til borna.

– På kvelden skal vi feira oss sjølv når over 200 ansatte samlast på Oseana til fest.

– Men vi gir oss ikkje med det, i neste veke blir det jubileumsfeiring med moteshow med modellar frå mellomanna Os Fotball, og Kathrine Sørland som konferansier. Vi åpna jo dørene på 80-tallet, så her blir det nok også litt innslag av moten frå denne tida. Det blir gåvedryss og muligheter for å vinna fleire gavekort neste veke, før vi på laurdag, den 21. skal dele ut tre gavesjekker på 10.000 kroner kvar til tre lokale lag/organisasjoner. Finalistene ligg ute på facebooksida vår, så der er det berre å stemme fram til onsdag 18. april, avslutter Silje Lygre.

Fleire saker