Næringsliv | 28. nov. 2019

30 bedrifter samla om eitt kort

– På høg tid at vi fekk felles gåvekort igjen.

30 bedrifter samla om eitt kort
Jeanett Borgen Kallekleiv og Os Sentrumsforening re-lanserer Sentrumsgåvekortet i dag. Max i bakgrunnen er første utsalsstad. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 28. nov. 2019 09:57

Leiar i Os Sentrumsforening, Jeanett Borgen Kallekleiv, gler seg over at ho i dag kan lansera gåvekort for medlemsbedriftene.

– Eg etterlyste det då eg sjølv dreiv butikk i sentrum, heldigvis gjorde både William Lindborg og styreleiar Jon Sivert Rykkel eit stykke arbeid med å få det i gang igjen.

Då ho på seinsommaren overtok som sentrumsleiar trengte ho nesten berre å trykka på bestillingsknappen.

– Det mange år sidan sentrumsgåvekortet sist var i sving. Eg veit ikkje kvifor det stoppa opp den gong, men no var det på tide å få dette tilbodet tilbake.

«Alle» er med - men førebels berre éin utsalsstad

Jeanett fortel at gåvekortet frå i dag kan brukast 26 stadar i Os sentrum, og 2-3 andre bedrifter ser òg ut til å bli med.

– Både motebutikkar, serveringsstadar, daglegvare, velvære og frisørar er med, det er òg Oseana.

– Dei fleste har jo hatt sine eigne gåvekort å by på, men ikkje alle har hatt digiale kort, og det er uansett ikkje det same med individuelle sal. Då eg nyleg skulle i bursdagsfest til ei som hadde rund dag, og ho ønskte gåvekort i 4-5 butikkar i sentrum, var det lett for at det blei skeivfordeling på gåvebordet.

Gåvekortet blir i starten selt berre hos dyrebutikken Max, som er blant dei med best opningstid i sentrum, men fleire utsalsstadar skal koma.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.