Lokal | 05. nov. 2018

30 heimlause i Liverpool fekk hjelp frå Os

– Dette er det mest meiningsfulle supporterklubben vår driv med, seier Oddvar Davanger frå Liverbirds Os.

30 heimlause i Liverpool fekk hjelp frå Os
Sture Vevatne og Oddvar Davanger frå Liverbirds Os. T.h.: John var med på utdeling av gåver i Liverpool. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy/privat)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 05. nov. 2018 21:22

Bildeserie:

Varmedressar frå Europris blei supplert med varme sokkar kjøpt i Liverpool.
Varmedressar frå Europris blei supplert med varme sokkar kjøpt i Liverpool.
Oddvar møtte ein krigsveteran som lever av 1200 kroner i månaden.
Oddvar møtte ein krigsveteran som lever av 1200 kroner i månaden.
30 personar fekk hjelp av Liverbirds Os i denne runden.
30 personar fekk hjelp av Liverbirds Os i denne runden.
1 av 3
Varmedressar frå Europris blei supplert med varme sokkar kjøpt i Liverpool.
Oddvar møtte ein krigsveteran som lever av 1200 kroner i månaden.
30 personar fekk hjelp av Liverbirds Os i denne runden.

Liverpool-fanklubben Liverbirds Os, som såg sin første kamp samla på Solsiden i januar 2015, tel frå 15 til 30 tilskodarar samla på Catten til kvar kamp.

– Er det ein storkamp så er vi gjerne oppe i 45, seier formann Sture Vevatne.

For to veker sidan, då Liverpool slo Røde stjerne 4-0 i Champions League, måtte fanklubben frå Os klara seg utan ein av dei som var med og stifta klubben, Oddvar Davanger. Han var på Anfield, men kampen var ikkje det einaste ærendet han hadde i «sin andre heimby».

– Midlar som vi samlar inn, frå medlemskontingent til interne lotteri under kamp, ønskjer vi å bruka på å gi noko igjen til byen som har skapt alle desse gode opplevingane for oss, seier Oddvar.

– Eg har reist til Anfield i mange tiår. På 80-talet blei du spandert øl på når du sa du kom frå Noreg. No er det 3000 nordmenn på kvar kamp, og dessverre så har vi fått eit rykte som ikkje er så bra. Store kameratgjengar kjem med vikinghjelm og oppfører seg som om dei eig byen. Det blir ikkje sett på som positivt av dei som bur der.

I kontakt med dei som bur på gata

Fleire år før Liverbirds Os blei stifta, fekk Oddvar Davanger og sambuaren Trine Haugland, kontakt med ein heimlaus mann som selte eit gatemagasin. I oktober 2015, på Liverbirds Os sin første fellestur, hadde dei med seg både varmedress og kampbillettar til John Gibney, som ikkje hadde vore på Anfield på 31 år.

• Les òg: Gledestårer i Liverpool

Paret frå Os, og klubben, har halde fram med å støtta John, som har fått seg eit lite kommunalt krypinn, men som framleis er vanskelegstilt.

– Sjølv om du får kommunal bustad, så får du ikkje midlar til gass og oppvarming. Då eg kom bort der hadde han vore utan varme og varmtvatn i fire månadar. I fjor var han på veg ut i arbeid, men då blei han påkøyrd av ein promillekøyrar og låg lenge på sjukehus med brot i ryggen. Han sel framleis gatemagasinet «Big Issue North».

John har samtidig blitt ein ressurs i Liverbirds sitt arbeid med å hjelpa andre.

Gåver som varma til 30 heimlause

Ved sidan av å få sponsa nokre månadar med gass, fekk John hjelpa Oddvar med å finna nokon som hadde behov for andre gåver osingen hadde med seg.

– Vi fekk ein god rabatt på Europris, og kjøpte ti varmedressar av høg kvalitet. I tillegg hadde eg med meg pengar, så vi kjøpte varme sokkar, luer og andre plagg vi kunne dela ut.

– Målet var å gi til dei som har størst behov. Det er visst nok av dei som later som om dei er heimlause, som tiggar i staden for å jobba, og narkomane, som snur seg rett rundt og sel varmedressen for ein ny brukardose. Målet var i gi til dei som ville bruka det eg og John hadde med oss.

Oddvar møtte takksame folk, folk som først avviste dei to, då dei trudde dei kom for å selja varene.

– Dei ville nesten ikkje tru det då vi sa det var gåver, og utover veka møtte eg fleire av dei igjen, vandrande i varmedressane dei hadde fått. Ein av dei er ein krigsveteran. Han lever på 1200 kroner i månaden. Liverpool kan vera ein kald by om vinteren, dei såg verkeleg ut til å lika varmedressane.

Lokal innsats

Liverbirds Os tel no 68 betalande medlemmar.

– Vi veit at det er mange fleire Liverpool-supporterar i Os, og vi håper å nå 100 medlemmar, seier Sture.

I helga var han i Asker på samling med over 35 andre norske Liverbirds-klubbar.

– Totalt er vi 43.000 medlemmar i Noreg. Så vidt eg veit er det berre vi som driv denne forma for innsats i Liverpool, men det kan kanskje bli fleire. Vi vil blant anna ha tettare kontakt med Liverbirds Bergen, seier Vevatne.

Klubben brukte rundt 11.000 kroner på gåver i denne runden. Davanger føler han ikkje er rette mannen til å gå å dela ut.

– Eg er så lettrørt. Men det er veldig givande! Klubben ønskjer òg å gjera ein innsats lokalt, og har tatt kontakt med ein organisasjon her i Os, for å høyra om vi kan hjelpa ein familie med nokre gåver til jul.

– Det er mogleg at det ramlar noko supporterutstyr i gåveeska, men dette handlar ikkje om rekruttering. Det å gi, når du kjem så tett på at du veit at gåva kjem fram, er ei god kjensle.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.