Meining | 21. aug. 2021

30 minutt? Uheldig presisering av kommunen

Den ferskaste regelen i Øyro «har aldri eksistert». Kvifor nemna dette no?

30 minutt? Uheldig presisering av kommunen
Politisk posisjon vil fjerna all parkering i gata Øyro, men reglane for der det i dag er 30-minuttsparkering skal drøftast måndag. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 21. aug. 2021 08:53

Onsdag vedtok fleirtalet (Ap, Sp, MDG og SV) mot tre stemmer (Frp og Høgre) i utvalet «Liv i Bjørnafjorden» å endra trafikk- og parkeringsmønsteret i den delen av gata Øyro som har granittdekke.

Torgeir Skjælaaen (MDG) presenterte fellesforslag frå Ap, Sp, MDG og SV, som fekk fleirtal. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les ògStenger Øyro for gjennomkøyring og fjernar all parkering på granitt

I vår omtale av saka, og oppfølging med handelsstanden, har vi stilt spørsmål om korleis dagens 30-minuttarsparkering mellom apoteket og Madam Ane har fungert.

Les ògParkering i Øyro: – Avgjerande å halda på 30 minutt

Det fekk ordførar til å stilla spørsmål om kvar vi har dette frå, at Øyro har 30 minuttars parkering.

Vi svarte; frå kommunen ved prosjektsjef, næringssjef og leiar for sentrumsforeinga, i dag kommunestyrerepresentant for Ap, William Lindborg.

For knappe fire år sidan lagde kommunen flygeblad og ba oss i lokalpressen om hjelp til å få ut desse nye normane etter at Øyro fekk nytt dekke og blei einvegskøyrd.

Halvor Hanevik, Daniel Skotheim og William Lindborg informerer om korleis du som trafikant skal oppføra deg i nye Øyro. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Les òg– Ja, du kan parkera her

Vi kunne ikkje berre svara, vi måtte stilla spørsmål tilbake; visste ikkje ordføraren dagens norm eller regel før ny blei vedtatt?

Ho svarte nei. Den gong var ho medlem av plan- og bygningsutvalet, ikkje Liv på Øyro, som hadde mest med parkering på Øyro å gjera.

Så, fredag ettermiddag, sendte kommunen ut ei pressemelding for å understreka at det verken er 30-minuttarsparkering eller anna tidsavgrensa parkering i Os sentrum.

«I 2017 blei det fjerna fleire skilt i sentrum. Når det ikkje er gyldige skilt, kan ein heller ikkje regulere parkeringa utover vegtrafikkloven sine reglar. Vi har inga tidsregulering for parkering i Øyro. Det må lagast ein ny skiltplan som Statens vegvesen skal godkjenne. Dette arbeidet er starta.»

Kvifor presisera dette no?

Dette har folk visst sidan 2017. Kommunen og sentrumsforeninga brukte tid og pengar på å formidla dette, og regelen (som altså ikkje er ein regel du kan handheva, men ein ønskt norm), er ifølgje handelsstanden noko kundane har oppfatta og retta seg etter.

I år har vi fått repetisjon fleire gongar, i samband med at det har vore jobba med ny skiltplan gjennom fleire møte, at dei gamle reglane og den noko nyare normen, ikkje kan handhevast.

Så kjem altså presiseringa.

Er det ønskje om at dei som i dag bruker Øyro til korte stopp skal stå der heile dagen, slik fleire gjer der det er tiltenkt 2- og 3-timarsparkering?

Det tviler vi på.

Derfor synest vi presiseringa er både uheldig og vanskeleg å forstå. Ikkje minst sidan gjeldande skiltplan er «rett rundt hjørnet» - med nye reglar som skal presiserast.

Vi håper ikkje motivet er å bagatellisera at politikarane, før dei vedtok endringa, ikkje kjente gamal norm.

30-minuttarsregelen er den ferskaste regelen vi har i Os sentrum, anten den er skilta og kan handhevast eller ikkje.

«Vi lyttar med respekt» var eit slagord i Os inspirerer. Politikarane fekk ikkje mange innspel frå sentrumsbedriftene før vedtaket onsdag. Saksbehandlar Lisbeth Axelsen har vore på medlemsmøte, og referer at det er nesten like mange meiningar som det er bedrifter.

Viss eg hadde plan om å gjera større endringar i eit kort gatestykke, ville eg ikkje ha slått meg til ro med ei så generell skildring. Eg ville gått ut i felten og vore ein aktiv lyttar.

Erfaring frå dei siste 10-15 åra har vist at nesten all endring, om den ikkje er nøye evaluert og tydeleg kommunisert, kan føra til forvirring og misnøye blant kundar, og negativt effekt på handlemønsteret. Kommunen fekk smaka på dette sjølv, då dei innførte «parkeringsvert».

Kommunen har i år brukt 300.000 kroner på å hyra inn Asplan Viak til å analysera dagens parkering.

Resultatet blei to detaljalternativ for Øyro.

Ingen av dei blei vedtatt, posisjonen lagde sitt eige.

Ideen om å gjera det betre for gåande i Os sentrum er fin. Å stenga for gjennomkøyring mellom Havnechefen og Tiny Trolls, som også er i vedtaket onsdag, kan vera med på å gi ein ønskt effekt.

Men før du gjer store endringar bør du både kjenna dagens forhold godt, og vera audmjuk og nøye i vidare arbeid. Det er andre sine bedrifter og arbeidsplassar du sjonglerer med. Samtidig som du tar omsyn til tryggleiken til mjuke trafikantar.

Frå bra til betre

Situasjonen i Os sentrum bør verken rosemalast eller svartmalast.

Ja, det blir trangt når folk bryt dagens regel og står på begge sider av vegen. Ja, det er framleis eit problem at folk som jobbar eller bur i sentrum bruker det som var 2- og 3-timarsparkering til å stå heile dagen.

Ifølgje leiar i Os Sentrumsforening, Paal Moberg, er dei 10-12 plassane framfor Skapastovo, som etter valet kjem tilbake (ein kort periode), stort sett alle tatt av folk som jobbar i sentrum. Dermed gir dei lite effekt for dei handlande. Fram til eventuell handsaming. Men då skal dei truleg vekk igjen.

Ifølgje ein av dei som har vakse opp i generasjonsbedrift på Øyro, Tove Tvedt Skarstein, er dette hovudproblemet; at dei som jobbar i sentrum eller pendlar set frå seg bilen på parkeringsplassar som er viktige for handelsstanden.

– Kor stort behovet faktisk er, ei kartlegging av kor mange som har behov for å parkera nær Os sentrum i arbeidstida, synest eg burde vore del av Asplan Viak si utgreiing, sa Tove til Midtsiden onsdag.

Samtidig har det dei siste åra kome fleire nye butikkar, kontor og restaurantar i sentrum.

Fleire av dei nyare har klart seg, dei er her enno. Byggherrane har tatt fleire fasadeløft. Det er liv på Osøyro etter klokka 17 om ettermiddagane.

Det har kome fleire sentrumsnære parkeringsplassar på Circle K-tomta og det kjem 184 nye plassar i nytt parkeringshus før jul.

Vi håper ordførar og sentrumsforeining får eit ope og konstruktivt møte måndag kveld, så risikoen ved eventuelle endringar i gata Øyro blir lågast mogleg for alle.

Kjetil Vasby Bruarøy
Ansvarleg redaktør

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.