Korona | 08. des. 2021

31 nye smittetilfelle i går

Ny smitterekord i Bjørnafjorden.

31 nye smittetilfelle i går
Bjørnafjorden rådhus. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 08. des. 2021 12:08

Tysdag 7. desember, same dag som regjeringa varsla nye, nasjonale tiltak som gjeld frå midnatt natt til torsdag, var det smitterekord i både Bergen og Bjørnafjorden.

Bergen, som i går fortalte om påvist omikron-variant, hadde 384 nye tilfelle av påvist covid-19.

Bjørnafjorden hadde 31 nye tilfelle i går åleine. Dette er ny rekord på éin dag. Den førre var tett oppunder 20.

Til samanlikning hadde vi totalt 95 nye smittetilfelle i august og 18 i løpet av heile september.

– 17 av dei 31 tilfella i går er knytte til eit utbrot ved Nore Neset ungdomsskule, seier kommuneoverlege Klaus Melf i ei pressemelding.

Desse 31 er påviste med PCR-test på teststasjonen, eventuell hurtigtesta kjem utanom.

– Så langt denne veka har vi allereie fått 56 positive prøvesvar. Difor er det dessverre sannsynleg at vi òg vil slå vekerekorden for talet på smittetilfelle.

Den førre rekorden er 80 nye smittetilfelle i veke 47, altså for to veker sidan.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.