Lokal | 11. aug. 2017

315 nye førsteklassingar

Kraftig auke i elevtala. Sjå oversikta her. – Det er fleire som byrjar i grunnskulen enn det som går ut av den, fortel Knut Vidar Garlid.

315 nye førsteklassingar
27 førsteklassingar går torsdag inn dørene på Lysekloster barneskule (foto: Andris Hamre)
Andris Hamrefredag 11. aug. 2017 08:07

Heile 2894 elevar startar torsdag skuleåret i grunnskulene i Os.

– Det er ei ganske kraftig auke. Det er 70 fleire elevar enn på same tid i fjor. No er tala rett nok foreløpige. Vi veit jo ikkje kor mange som startar før dei møter opp første skuledag. Eit døme kan vera arbeidsinnvandrarar som har flytta heim igjen og som ikkje har meldt flytting til oss, seier skulefagleg rådgjevar Knut Vidar Garlid i Os kommune.

Treng skule aust om elva

Auka kjem mest på alle skulane, men trangast er det på sentrumsskulane Os og Kuventræ.

– Sentrumsskulane er fulle. Det er ikkje uten grunn at det hastar med å få på plass skule aust om elva. Med 365 elevar på Kuventræ og 340 elevar på Os, så blir det ganske krevande eit par år framover.

– På Lunde står jo no ni nye klasserom klare, så i sentrum sør er situasjonen no betre. Vi er veldig stolte av det bygget. Der tykkjer vi at vi har fått til noko veldig bra, seier Garlid.

Elevtal per skule

Oversikta nedanfor viser det totale talet på elevar på dei ulike skulane og talet på nye førsteklassingar på barneskulane.

  • Halhjem barneskule - 96 (18)
  • Hegglandsdalen barneskule - 65 (8)
  • Kuventræ barneskule - 365 (60)
  • Lunde barneskule - 336 (46)
  • Lysekloster barneskule - 181 (27)
  • Nore Neset barneskule - 365 (44)
  • Os barneskule - 340 (50)
  • Strøno barneskule - 58 (10)
  • Søfteland barneskule - 214 (39)
  • Søre Øyane barneskule - 126 (13)
  • Nore Neset ungdomsskule - 383
  • Os ungdomsskule - 365

Når byrjer skulen

Skulane i Os startar opp torsdag 17. august. Nedanfor ser du oppmøtetidene på dei ulike skulane og klassetrinna.

Nore Neset barneskule
Skulestart 1. trinn: 09.00 - 13.30
Skulestart 2.- 7. trinn: 08.30 – 13.30/14.00
SFO: 07.30* - 16.30 1. klasse SFO kl.13.30.

Lunde barneskule
Skulestart 1.trinn: 10.00-13.00
Skulestart 2.- 4.trinn: 08.15-13.00
Skulestart 5.- 7.trinn: 08.45-13.45
SFO: 07.30* - 16.30

Strøno barneskule
Skulestart 1. trinn: 10.00 - 13.25
Skulestart 2.-7. trinn: 08.15 - 13.25
SFO: 07.30 - 16.30

Halhjem barneskule
Skulestart 1. trinn: kl.10.00 - 13.00
Skulestart 2.-4. trinn: kl.08.30 - 13.00
SFO: kl.07.30 - 16.30

Hegglandsdalen barneskule
Skulestart 1. trinn: 09.30 - 12.15
Skulestart 2.-4. trinn: 08.30 -12.15
Skulestart 5.-7. trinn: 08.30 - 14.15
SFO: 07.30 -16.30

Os barneskule
Skulestart 1. trinn: 09.00 – 13.15
Skulestart 2. trinn: 08.30 – 12.25
Skulestart 3. trinn: 08.30 – 13.15
Skulestart 4.-5. trinn: 08.30 – 12.25
Skulestart 6.-7. trinn: 08.30 – 14.00
SFO: 07.30* - 16.30

Lysekloster barneskule
Skulestart 1. trinn: 08.15 -13.30
Skulestart 2.-7. trinn: 08.15 - 13.30
SFO: 07.30* - 16.30

Søfteland barneskule
Skulestart 1. trinn: 09.00 - 13.45
Skulestart 2.-4. trinn:08.45 - 13.45
Velkomstklassen 1-4 08.45 -13.45
Velkomstklassen, alle nye elevar i Velkomstklassen 1.-4 møter i gymsalen kl 09.00 saman med føresette.
Skulestart 5-7: 08.45 -14.15
Velkomstklassen 5-10 08.45 -14.15
SFO: 07.30* -16.30

Kuventræ barneskule
Skulestart 1. trinn: 09.30 - 13.20
Skulestart 2.-4. trinn: 08.30 - 13.20
Skulestart 5.-7. trinn: 08.30 - 14.05
SFO: 07.30* -16.30

Søre Øyane barneskule
Skulestart 1. trinn: 08.30 -13.30
Skulestart 2.-7. trinn: 08.30 -13.30
SFO: 07.30 -16.30

Os ungdomsskule
Skulestart 8.-10. trinn: 08.25 - 14.30

Nore Neset ungdomsskule
Skulestart 8.-10. trinn: 08.30 - 14.30

Skyss: Ordinære skulebussar går som normalt – elles er det skuleskyss etter nærare avtale.

*For utvida plass er SFO ope frå klokka 7.00

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.