Sport | 01. nov. 2014

32 lag klare for MidtsidenCup

Her er puljene og speledag for dei fire ulike klassane.

32 lag klare for MidtsidenCup
FIFA, sm var i finalen både i fjor og i 2012, er klare for ny cup i år. (Foto: Kari Marie Austevoll Lyssand)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 01. nov. 2014 22:22

Tysdag og onsdag er det klart for innleiande rundar i MidtsidenCup 2014.

Nedst i artikkelen finn du dine motstandarar og kva dag du skal spela. Namn på lagleiar står i parantes.

Er du lagleiar eller deltakar? Då bør du følgja MidtsidenCup på Facebook!

Kampane startar klokka 18.00, kampoppsettet blir publisert seint søndag kveld eller måndag på dagtid.

Fleire lag enn i fjor

I år er det 32 påmeldte lag mot 31 i fjor og 23 i 2012.

• I dameklassen har det svinga mellom 4 og 6 lag, i år er det berre 4 lag med.
• I mixklassen har vi vore oppe i 16 lag, men i fjor var det så låg påmelding at klassen måtte avlysast. I år er 6 lag fordelt på to puljer med.
• I herrar amatør og herrar elite er det 11 lag i kvar og her er det duka for fleire tøffe puljer.

Damer med hår på brystet

I fjor vann No Name, No Fame finalen over The Warriors. Begge er med i år, og vinnarane frå 2012, Enda litt Guuufs, gjer comeback.

Dei to tidlegare vinnarane og fjorårsfinalist The Warriors får i år bryna seg på eit knippe unge, aktive jenter på laget Man Chest Hair.

Firma vs 3. divisjon

I mixklassen har MidtsidenCup i år fleire firma og venegjengar, men også nokre aktive spelarar som har blanda seg med mindre aktive venar av begge kjønn.

Lysekloster-spelar Preben Borgen stiller med eitt lag, Os-spelar Dani Alvær Bergstø med eit anna. Dani har tidlegare vunne mixklassen med laget Team Fiasko.

Tett mellom favorittane

I både herrar amatør og herrar elite er det tett mellom tidlegare semifinalistar. I amatørklassen er 3 av 4 semifinalistar frå i fjor, Ungdomskilden, 1-2 og vinnar i 2013, Beast from East, klare for ny cup. 

Vegard Leikvoll Moberg, som i år rykte opp til 1. divisjon med Åsane, har med FIFA vore i finalen i herreklassen to år på rad. T Ullrich, som har vunne MidtsidenCup både i 2011 og 2012, sto over i 2013, men er tilbake i år.

Fjorårsvinnar Vågshaugen City er ikkje med, men det er semifinalist Boingklubben og finalist i 2011, FCKing Wankers.

Her er speledag og puljene.
(Om du finn feil eller manglar send sms til 90789270. Alle som har kome med ønske om speledag skal ha fått den dagen dei ville.)

DESSE SPELER TYSDAG

DAMER
Enda litt Guuufs (Dorthe Tangen Haugland)
Man Chest Hair (Vy Nguyen)
No Name, No Fame (Trine Lund)
The Warriors (Malin Heggland)

MIX 1
Galacticos (Preben Borgen)
KIWI (Bettine Wik)
NDM (Terje Ognøy)

HERRAR AMATØR 1
Aust om Elvo (Kjell Arne Hjelle)
Magnorvinduet (Leif Gunnar Borgen)
Ungdomskilden (Andreas «Miten» Midtbø/Torstein Hermansen)

HERRAR ELITE 1
Boingklubben (Thomas Halhjem)
T Ullrich (Dag Tore Skjelde)
The New Yellow Fellows (Stian Kvåle)
Vi rykka ikke opp (Remy Søfteland)

HERRAR ELITE 2
FIFA (Jon Sivert Rykkel)
FCKing Wankers (Christer Røen)
Happy Ending (Daniel Haug)

DESSE SPELER ONSDAG

MIX 2
Avd 671 Galaxy (Arnt Ove Lundervik)
GripsGraps (Dani Bergstø)
Superlaget (Jorunn Staverløkk)

HERRAR AMATØR 2
1-2 (Kjetil L. Eide)
AtleticOs (Espen Rotnes)
Mowgli og vennene hans (Timmy Hansen)
Os Maskinering (Frode Lundgren)

HERRAR AMATØR 3
Beast from East (Emilis Zilinskas)
Team Lunde (Jakob Sørås)
The MacGyvers (Bjørn Terje Vindenes)
FC Stolpeskudd Come Back (Trond Henanger)

HERRAR ELITE 3
Aarvik Gladiators (Tore Valvik)
Dusjkameratene (Erik Kanestrøm)
FC Beken (Martin Snilstveit)
Flåklypa (Vegar Ludvigsen)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.