Lokal | 26. sep. 2018

370 abonnentar utan internett og TV

Telenor har hatt trøbbel i Os i over 7 timar.

370 abonnentar utan internett og TV
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyonsdag 26. sep. 2018 19:48

Onsdag kveld har Midtsiden fått melding frå abonnentar busett i Hagavik og på Søfteland, som fortel at dei har vore fleire timar utan internett og TV.

– Vi kjem heller ikkje gjennom til kundeservice. Svareren sa at eg må venta to minutt, men etter 30 minutt var det framleis ikkje svar å få, fortel ein irritert kunde.

Nokre av naboane skal ha sagt at dei har fått beskjed at dei skulle bli påkopla i 18-tida, andre at det skulle skje i morgon.

Telenor: Blir truleg innkopla i 22-tida

Då Midtsiden i 19.30-tida kontakta pressevakt hos Telenor, hadde dei ikkje registrert feilmeldingar i Os kommune.

Etter å ha undersøkt nærmare oppdaga vedkomande at 370 abonnentar er utan linje. (Vi fekk først opplyst cirka 500, men dette viste seg å vera feil.)

– Det er litt teknisk komplisert å forklara årsaka, men det er ikkje eit fiberbrot, altså ytre påverknad som graving eller uvêr, seier Atle Lessum.

– Vi har ein feil i eit datakort i ein stasjon. Normalt ville det vore godt nok med omstart eller å skifta datakort, men det nyttar ikkje her.

Telenor har folk på staden, og reknar med at feilen er utbetra i 22-tida.

– Det skal gå ut ein sms med informasjon til kundane. Dette skjedde ikkje automatisk, men skal vera gjort no.

Utan linje også i sentrum og på Lunde

Etter at vi publiserte saka har to andre meldt om manglande internett - og tilbakemelding.

Éin av dei bur i Os sentrum, men har klart seg bra med raus mengde mobildata frå arbeidsgjevar, den andre bur på Lunde, og har Nextgentel-abonnement.

Heller ikkje vedkomande på Lunde har fått sms med informasjon.

OPPDATERT kl 22.19:

Telenor opplyser at dei første abonnentane har fått internett og TV tilbake.

– Resterande kjem fortløpande i løpet av dei neste timane, seier Lessum i Telenor.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.