Kultur | 25. apr. 2019

370 elevar frå 10 kulturskular stiller ut i Oseana

På laurdag opnar utstillinga «Ung Ytring» - Os er med for første gong.

370 elevar frå 10 kulturskular stiller ut i Oseana
Utstillinga «Ung Ytring» opnar i Oseana på laurdag. (Pressefoto)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightorsdag 25. apr. 2019 08:13

Bildeserie:

Utstillinga «Ung Ytring» opnar i Oseana på laurdag. (Pressefoto)
Utstillinga «Ung Ytring» opnar i Oseana på laurdag. (Pressefoto)
Utstillinga «Ung Ytring» opnar i Oseana på laurdag. (Pressefoto)
Utstillinga «Ung Ytring» opnar i Oseana på laurdag. (Pressefoto)
Utstillinga «Ung Ytring» opnar i Oseana på laurdag. (Pressefoto)
Utstillinga «Ung Ytring» opnar i Oseana på laurdag. (Pressefoto)
Utstillinga «Ung Ytring» opnar i Oseana på laurdag. (Pressefoto)
Utstillinga «Ung Ytring» opnar i Oseana på laurdag. (Pressefoto)
1 av 4

Kurator ved Oseana, Evelyn Holm, fortel at dette er tredje gong Oseana arrangerer denne mønstringa.

– Os kulturskule har jo starta med visuelle fag, så i år er det første gongen at dei er med - som Bjørnafjorden kulturskule.

– Den første fylkesutstillinga i Hordaland gjekk av stabelen på Oseana våren 2017, og erfaringane var så gode at vi ville halda fram, ikkje kvart år, men som en biennale annakvart år.

Holm fortel at dette er landets eineste fylkesbiennale for elevarbeid frå visuelle kunstfag. Utstillerne er elevar fra ulike kulturskoler Hordaland og nyttar seg av eitt eller fleire tilbod innan visuelle kunstfag: dokumentarfilm, animasjonsfilm, keramikk eller billedkunst

Namnet «Ung Ytring» er foreslått og stemt fram av elevar på visuelle kunstfag i kulturskolene som deltek på utstillinga.

Ei viktig stemme

I Oseana vil du finna grafiske arbeid, maleri, performancar, videoar, installasjonar, skulpturar, fotografi, lydkunst fortel Holm.

– Tittelen «Ung Ytring» speler på at alle unge har ei viktig stemme, og at denne skal bli høyrt. Ytringsfrihet er en grunnpilar i vårt demokrati og den gjeld for oss alle. Barn og ungdom skal også gis mulighet til å uttrykke seg estetisk og kunstnerisk. En sang, et bilde, en film, et dikt handler om ytringer.

Utstillinga kan du sjå i Oseana fram til 12. mai.

Følgjande kulturskular er representert på fylkesbiennalen Ung ytring : Askøy, Bergen, Bjørnafjorden, Bømlo, Lindås, Meland, Stord, Ullensvang og Vaksdal kulturskoler.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.