Inger Lise Tvedt byr på premiar i mange storleikar, anten du fortener det eller ikkje. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

38 år gamal butikk har flytta til Os

I morgon opnar Premiebua utstilling, verkstad og lager midt i Os sentrum.

image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

I starten på september teikna dei leigekontrakt i det tidlegare bokhandlarlokalet, i oktober skulle det vore innflytting og opning.

– Renoveringa blei meir krevjande for huseigar enn venta, blant anna grunna tilstanden på elektrisk anlegg. Vi fekk ikkje byrja innreiinga før på nyåret, men takka vera gode hjelparar er vi no klar til drift i nytt lokale, fortel Inger Lise Tvedt.

Pappa og gründer Karstein har saman med mamma Eldrid og svigerforeldra, Hjørdis og Egil Lekven, stått på tidleg og seint for å få lokalet klart. Sambuar Eirik Lekven har, etter at Karstein i fjor pensjonerte seg, kome inn på eigarsida.

Frå tre til eitt lokale

Karstein Tvedt starta i eit meierilokale på kaien på Myking i 1981. Dei siste åra har butikken vore driven med lager på Myking i Lindås kommune, og verkstad og utstilling i to ulike lokale i Bergen sentrum.

– No har vi fått samla alt på éin plass. Utstillinga er større, og tilkomst til verkstad, lager og kontor er langt enklare, seier Inger Lise.

Ho og Eirik bur i Lysefjorden, så no får ho dessutan kortare veg til jobb.

Sport, spel og positiv merksemd

Premiebua AS sel i utgangspunktet via nettbutikk, og om alt klaffar er fornya versjon av nettbutikken klar til opninga av utstillinga fredag.

– Vi kjem til å ha faste opningstider måndag til fredag, så folk kan koma innom både for å henta varer, sjå utstillinga og eventuelt registrera seg som kundar.

– Kva om det kjem ein tilfeldig gjest inn og vil kjøpa ein premie til «verdas beste mamma» før morsdag?

– Det kjem kortlesar og Vipps, og vi tar gravering mens kunden ventar, så det er rom for individuelle kundar òg.

Blant pokalar, medaljar, stauettar og plakettar i utstillinga finn vi alt frå fotball og basketball til golf, hest, poker og «årets ansatt».

– Plakettar med poker-motiv går det ein del av, det er tydeleg at kameratgjengar er flinke til å honorera kvarandre.

Kan bli fleire leigetakarar

Premiebua leiger heile den 187 kvadratmeter store førsteetasjen i bygget på Torget, men ein del av utstillingslokalet er vurdert for framleige.

– Vi har ein interessent, men eg har sagt at vi har lyst å koma på plass sjølv før eg går i nærmare dialog om å skilja ut kvadratmeter til andre.

– Førebels har vi fylt heile lokalet langs fasaden med eigne varer, men sjølv om vi leiger ut halve får vi ei større utstilling enn før, seier Inger Lise.

Fleire saker