39 nye bustadar på Lekven
25 er under bygging, fredag la Bøe & Lepsøy Utvikling ut 14 nye.
![39 nye bustadar på Lekven](https://cdn.sanity.io/images/ahcmq7tx/production/37c295e28e07a267e49427090df3b71bbf3ec4e0-1140x760.jpg?q=85&fit=max&auto=format&w=1600&width=1600)
![Kjetil Vasby Bruarøy](https://cdn.sanity.io/images/ahcmq7tx/production/d394ce3033ee74f1b7563efe62438c9efc71d8ce-1140x760.jpg?rect=490%2C160%2C564%2C387&q=75&fit=max&auto=format&w=1600&width=1600)
Mens Bygg Concept bygger 30 nye leilegheiter nede ved Lekvenvågen, der dei første har innflytting i desse dagar, la Bøe & Lepsøy Utbygging fredag ut Lekven II byggetrinn 2.
– Trinn éin er under bygging, der har vi berre 6-7 igjen av 25 totalt, fortel administrerande direktør Steinar Jensen.
I trinn 2 er det 14 leilegheiter i éi lågblokk, 2- og 3- roms frå 44,5 til 55,5 kvm. Prisane startar på 1.790.000 kroner.
– Allereie då vi la husværa ut for sal i dag blei det reservert to, kanskje tre, sa Jensen fredag.
Nye trinn også på Søfteland
I tillegg til aktiviteten på Lekven selte BLU eitt husvære i Hjellemarka på fredag. Også der blir det jobba med neste trinn.
– Felt B5 er ferdig, i felt B6 har vi bygging av både første og andre trinn.
Neste trinn er felt B9. Der er det 16 bustadar i to leilighetsbygg, kvart på to etasjar.
– Tomta ligg på eit høgdedrag på høgresida tidleg etter innkjøring frå nord i feltet. Høgdedraget går litt på skrå så vi har derfor terrassert feltet med to bygg så vi følgjer terrenget, forklarer Jensen.