Lokal | 29. mars 2014

4 av 14 nekta for ulovleg mobilbruk

... men politiet viser til skjerpa forskrift for bruk av mobil etter gårsdagens kontroll. Her er reglane.

4 av 14 nekta for ulovleg mobilbruk
Politiet sjekka i går trafikken til og frå Os på E39 i Hjellemarka. (Arkivfoto: KVB)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 29. mars 2014 08:12

Fredag i 14-tida hadde Os lensmansskontor trafikkontroll i begge retningar på E39 Byvegen ved Hjellemarka.

I løpet av ein dryg time delte dei ut tre gebyr for manglande bruk av bilbelte og 14 forenkla forelegg for ulovleg bruk av mobiltelefon under kjøring.

– Dette trass i at vi sjekka retning sør på kontrollstrekket, retning nord rundt svingen. Her har alle førarane fått ei åtvaring når dei har passert kontrollen på motsett side, men likevel snakka i telefonen 200 meter etterpå.

Skjerpa forskrift

4 av dei 14 nekta for ulovleg bruk og det blei derfor oppretta sak.

– Folk har kanskje ikkje sett seg godt nok inn i den skjerpa forskrifta.

denne sida på vegvesen.no kan du lesa forskrifta.

– Forskrifta seier i grove trekk at all handhalde bruk av mobil er forbode. Om du har handsfree over blåtann eller liknande har du likevel ikkje lov å halda telefonen i handa eller ha den i fanget.

På eller ved rattet

Årsaka til skjerpinga av forskrifta er å eliminera mobiltelefon og liknande utstyr, som iPod, andre elektroniske musikkspelarar og nettbrett, som uromoment når du kjører bil.

Det betyr at du også kan bli straffa om du sit med ein MP3-spelar i handa.

– Utstyret skal stå fastmontert i nærleiken av rattet, der svar og avslutt samtale skal skje ved enkel betjening av ein knapp.

– Om du har trådlaus tilkopling og telefonen i lomma, men svarer samtalane på rattet, er ikkje det godt nok?

– Det er godt nok. Betjener du telefonen på rattet kan telefonen ligga ein annan stad. Men ikkje i handa, har du betjening på rattet skal du ikkje bruka sjølve telefonen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.