Daniel Myklebust Fjellstad (15) kunne notera seg fire suksessive seriar på 350 poeng under Hallingstevnet førre veke. (Foto: privat)
Daniel Myklebust Fjellstad (15) kunne notera seg fire suksessive seriar på 350 poeng under Hallingstevnet førre veke. (Foto: privat)

4 gongar 350 for Daniel

Daniel Myklebust Fjellstad med solide seriar under Hallingstevnet.

Kjetil Osablod Grønvigh
05. august 2020 - 8:42

Før helga kunne du lesa at årets Landsskytterstemne (LS) vil bli arrangert på ein heilt annan måte enn det skyttarane er van med. 

Årets LS skulle blitt arrangert på Elverum i august, men er avlyst grunna koronapandemien.

Det frivillige Skyttervesen (DFS) har invitert dei 830 skyttarlaga i Noreg til å arrangera LS på eigen heimebane.

For Os Skyttarlag sin del vil «Heime-LS» bli arrangert måndag 10. august. 

Mykje bra skyting på Gol

I førre veke var fleire av skyttarane frå Os Skyttarlag samla til oppvarming på Gol under Hallingstevnet. 

Jan Kristian Evensen frå skyttarlaget kan melda om gode resultat frå stemnet;

– Det har vore ei veke og ei helg med fleire gode resultat, totalt var det ni skyttarar i aksjon frå Os Skyttarlag. 

Evensen fortel at korona-situasjonen set sitt preg på skyttarstemna, og at det til dømes var lite ungdom som deltok på Gol. 

– Vi stilte breitt, og eg vil spesielt trekkja fram Oddvar Drange sitt «comeback» etter to år med skade. Oddvar skaut i klassen V65, og han leverte på høgt nivå. 

– Vidare skaut både Maren Evensen, Sofie Evensen og Adelheid Røttingen Møller godt, med høge poengsummar opp i 340-talet under stemnet. 

Skaut for 350 - men på feil skive

At det kan gå «ei kule varmt» sjølv på skytebanen er nok skytinga til Reidar Dale eit prov på, fortel Evensen og flirar. 

– Reidar låg an til ei skyting på 350 poeng, men mystisk nok valde han å planta dei to siste skota i nabo-skiva.

– At dei to siste skota begge var 10-arar hjelpte lite på situasjonen, for å seia det sånn ...

– I ei anna verd

Trass i gode resultat frå samtlege av Os-skyttarane, er det nok treffsikkerheiten til 15 år gamle Daniel Myklebust Fjellstad som vil bli hugsa frå Hallingstevnet 2020.

– Daniel markerte seg med fire suksessive seriar på 350 poeng, fortel ein imponert Evensen. 

Den treffsikre ungdommen fortel at resultata på Gol var ei god oppreising etter kva som skjedde der i fjor;

– Då sleit eg med feil på våpenet, men no har eg fått teke ein herleg revansje. 

På spørsmål om kva som skal til for å landa fire seriar på 350 poeng, trekk Daniel fram to triks; fokus og stressmeistring. 

– Rett før skytinga tek til byrjar eg rett og slett å tenkja på heilt andre ting enn skyting.

– I teorien kan eg finna på å tenkja på kva eg skal ha på skjeva til lunsj, eller noko i den dur. Dette, saman med fokus, er nok mine sterkaste kort for å skyta godt, avsluttar Daniel. 

Oppkøyringa til LS held fram for Os Skyttarlag - denne veka er dei i Sogndal og Lerumcup. 

Evensen fortel at allereie i går viste laget musklar, då Sofie Evensen skaut 345 poeng, og ny personleg rekord på banen til Knipenborg Skyttarlag. 

 

Les meir om

Sport Skyting