Næringsliv | 04. sep. 2012

40 år med hår

Toppen-innehavar Astrid Breivik feirer tysdag 40-år som frisør. - Det har vore 40 trivelege år, slår den blide hårkunstnaren fast.

40 år med hår
4. september 2012 har Astrid Breivik vore 40 år i frisørfaget på Os (foto: Andris Hamre)
Andris Hamretirsdag 04. sep. 2012 10:10

Det heile starta 4. september 1972 då Astrid Breivik byrja som ryddehjelp og lærling hjå Ågot Berge i etasjen over postkontoret (no Rørleggeriet).

- Eigentleg starta det enno tidlegare. Allereie som treåring var det kjekkaste eg viste å få lov til å kamma venninnene til mor.

- Men i salong satte eg beina mine først då eg hadde arbeidsveke i åttande klasse (tilsvarande niande klasse no). Etter ei veke hjå Ågot Berge var eg ikkje mykje i tvil om at det var frisør eg skulle bli, fortel den blide jubilanten som feirar dagen med å stelle håret på gode gamle kundar som no bur på sjukeheimen.

6 vekers ventetid

Då Astrid starta i frisørfaget var det berre to frisørsalongar på Os.

- Kari Søviknes og Annelise Orrebakke overtok salongen til Ågot 1. januar 1973 og starta Anka Frisørsalong. I tillegg til oss var det Lundehjørnet som var tilbodet den gongen.

- Du veit på den tida gjekk ikkje folk like ofte til frisøren som no. Då var det stort sett ein tur til jul, til påske og 17. mai.

- Eg hugsar vi hadde opptil seks vekers ventelister før jul. Tre dagar før jul var det fest for då tok vi ikkje imot fleire permanentar og var ferdig med dei tyngste jobbane.

- Sjølv om det gjerne blei litt ventetid for kundane hadde vi mykje spit og løye i salongen. Det har blitt mange gode historiar opp gjennom åra, ler Astrid når ho tenkjer tilbake.

Pynta andre generasjon brur

Når vi ber frisørveteranen fortelja oss om det mest spesielle ho har vore med på er det ein klar fellesnemnar: Pynting av brur.

- Det har blitt eindel brurepynting opp igjennom. Noko av det mest spesielle var den gongen eg pynta ei brur klokka seks om morgonen 1. mai medan alle andre hadde fri.

- Ei anna brur som var veldig kjekk å pynta var ei for eit par år sidan. Mor hennar var nemleg den første brura eg pynta ein nyttårsaften ein generasjon tidlegare.

Gode kollegaer

Etter 27 hos Anka starta Astrid opp for seg sjølv då ho starta Toppen frisør på torget.

- Karriera har vore prega av gode kollegaer og godt arbeidsmiljø heile vegen. Eg må få skryta av Kari og Annelise som sørga for gode arbeidstilhøve med topp ventilasjon i salongen frå veldig tidleg av.

- Sjølv om vi no har blitt ein god del fleire salongar på Os enn det var den gong eg starta, så opplever eg eit godt kollegialt samhald konkurrentane i mellom, skryt Breivik som mellombels har måtte ta med seg dei fire tilsette i salongen til John Fagerthun sine lokale etter at Toppen blei oversvømt av regnet for vel ei veke sidan.

Skal feira i London

40 årsjubileet blir ikkje nemneverdig merka i salongen tysdag.

- Eg er jo på sjukeheimen i dag, og i morgon reiser eg på tre vekers ferie på Mallorca.

- Men når vi kjem til 12. oktober blir det feiring.

- Då blir det hårshow i tre dagar i London på heile gjengen som ein presang til meg og mine tilsette, avsluttar jubilanten i det ho stryk ut døra for å stella håret på gamle vener på sjukeheimen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.