Næringsliv | 20. okt. 2011

40 år på Os

I oktober er det 40 år sidan Ungdomsklær, no omdøypt til Instinct, opna på Os. Steinar var med frå dag éin.

40 år på Os
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 20. okt. 2011 05:52

Steinar Bøe kom rett frå førstegongsteneste då han fekk høyra at det skulle opna ein ny herremotebutikk på Os.

– Eg hadde lyst til å jobba i butikk og hadde tre års erfaring frå kolonialen til fru Lyssand, fortel Steinar.

Før han var i forsvaret tok Steinar tre år med handelsutdanning.

Frå Kløver til Peak

Herremotebutikken på Os blei godt mottat, både lokalt og i nabokommunane.

– Folk kom frå Fusa, Fana, Tysnes og Austevoll. Fleire av dei er framleis faste kundar.

Den gong kosta ei dongeribukse rundt 70 kroner og det gjekk i merke som Wrangler, Frislid, Sunde og Kløver. Fleire av varene var produserte i Bergen.

I dag finn vi merke som Ricco Vero, Sand, Scallini og Peak Performance i utvalet.

Dobla arealet

I starten var butikken halvparten så stor som den er no. Men huseigar fekk utvida med nybygg over elva som tidlegare delte Telthuskvartalet, og butikken blei i 1977/78 dobbelt så stor.

Elva renn framleis under bygget, Baronselva som i 2009 fekk den fine Telthusplassen på elvebreidden.

I fjor haust opna Instinct eigen inngang ut mot elva og den idylliske oasen bak Bakketeig-huset.

Utvider på Austlandet

Erling Olsen, som var svigersonen til huseigar, var butikksjef, ein jobb unge Bøe overtok etter nokre år.

– Det er framleis same huseigar og butikken har berre skifta eigar éin gong, fortel Steinar, som no har jobba i same butikk i same lokale i 40 år.

Arnold Angeltveit kjøpte butikken og har fleire i same kjede.

For rundt 10 år sidan skifta kjeden namn frå Ungdomsklær til Instinct.

– Vi har ikkje berre klede for ungdom, men for vaksne. Vi meinte namnet var misvisande og oppbrukt og fann Instinct-namnet ved å arrangera ein namnekonkurranse.

Butikkane på Nesttun og på Askøy er lagt ned, men i førre veke opna kjeden sin andre butikk på Austlandet, denne gong i Fredrikstad.

– Neste år opnar Instinct-butikk nummer 7, den kjem i Stavanger, røper Steinar.

Treng ikkje bytelapp

Steinar er 63 år, men har framleis stålkontroll på korleis unge og vaksne menn skal kle seg.

– Vi har alltid vore opptatt av kvalitet, men også mote, det nye.

Han er også kjent for å sjå, og hugsa, kva storleikar kundane bruker.

– He, he. Ja, eg er kanskje det. Eg har mange damer innom for å handla til son eller ektemann og det går som oftast greit. Det blir lite byting, seier han.

Fekk kallenamn på øyamål

Mange bruker kallenamn om Steinar når dei snakkar om han eller butikken. «Eg har kjøpt ho hos Prikken», er ein vanleg replikk om du skryter av skjorta til nokon.

– Kvar kjem kallenamnet frå?

– Det var nok mor mi som brukte det først i ein eller annan samanheng. Eg var ikkje den største i klassen, for å seia det sånn, forklarer han.

Steinar har ikkje noko imot å bli kalla Prikken, men seier folk flest bruker namnet hans når dei snakkar til han.

Nå Midtsiden spør om den nye versjonen av kallenamnet hans byrjar han å le.

– Da må vera Jonny (Garvik, red. mrk.) som har kome med det, smiler Steinar om kallenamnet Flekkjen, som er øyamål-varianten av Prikken.

Held fram i minst fire år til

I neste veke skal 40 år feirast. Den feiringa er det stort sett kundane som kan gle seg over.

– Vi skal ikkje ha noko intern fest, men markerer med ein del tilbod på tampen av veka.

Steinar har ikkje planar om å prøva seg hos andre arbeidsgjevarar før han er ferdig som yrkesaktiv.

– Det er mange som trur at det er min butikk, men det er det ikkje. Men eg ser ikkje for meg noko anna enn at eg held fram med å jobba her til eg blir pensjonist, og kanskje litt til, så lenge eigarane og kundane vil ha meg her, seier Steinar Bøe.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.