Næringsliv | 03. sep. 2009

40 prosent opp

Innovasjon Norge spådde færre utanlandske turistar sommaren 2009. Spådommen slo ikkje til på Hauge.

40 prosent opp
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 03. sep. 2009 22:00

Bildeserie:

1 av 2

Etter ein god sommar for Bjørnefjorden Gjestetun i 2007 blei fjoråret dårleg. Finanskrisa utover hausten prega også starten på 2009, men sommaren blei langt betre enn venta.

- Eg var ikkje nøgd med sommaren i fjor, men i år gjekk det langt betre enn venta, med 40 prosent vekst i juli i forhold til juli 2008, seier dagleg leiar ved Bjørnefjorden Gjestetun, Erik Werner.

- Som i brosjyren!
På forsommaren gjekk reiselivsdirektør Per Arne Tuftin i Innovasjon Norge ut med spådom om 5 prosent nedgang i turisme frå utlandet sommaren 2008.

Ifølgje NRK melder NHO om svakare nedgang enn venta, og at dei som har marknadsført seg best mot norske turistar gjorde det best.

Men på Bjørnefjorden Gjestetun har det ikkje vore mangel på utlendingar. Veksten ved gjestetunet skuldast først og fremst kraftig auke i individuelle gjestar frå Nederland.

- Nederlendarar på tur på Vestlandet finn tydelegvis oftare vegen til Os, og tilbakemeldingane er fantastiske. "Dette er den einaste plassen som liknar Noreg slik det er framstilt i brosjyrane", sa nokre av gjestane denne sommaren.

Odfjell og svoltne osingar
Då Deepsea Atlantic låg i Bjørnefjorden var det fleire bedrifter i Os som fekk meir å gjera på. Ei av dei er gjestetunet på Hauge.

- At vi saman med aukande turisme fekk gjestar som pendla til riggen blei ein bonus, seier Erik.

Saman med utsikta har maten og den personlege atmosfæra vore det gjestane har sett mest pris på.

- Under marknadsdagane på Osøyro i slutten av juni stilte vi med kokkar for å hjelpa Scan Pan å demonstrera panner hos S. Tvedt. Det var veldig kjekt å vera med på, og noko som sikkert var med på å gje oss den veksten vi i sommar har hatt av middagsgjestar frå Os og nabokommunane.

Nedgang, men overskot
Januar og februar i år var magre månadar for Bjørnefjorden Gjestetun.

- Den gode sommaren er ikkje nok til å henta inn tap frå i vinter, vi får nok ein nedgang året sett under eitt på rundt 8 til 10 prosent frå i fjor, fortel Werner.

- Men vi skal klara å enda med overskot likevel, trur han.

Juni og september er vanlegvis dei travlaste månadane. Slik blir det kanskje i år òg.

- Det ser bra ut, denne veka har eg ikkje ei einaste ledig seng, seier hotellsjefen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.