468 risikerer avskilting
468 osingar skulder vel 1 million i registreringsavgift. No kan skilta ryke.
No sender Skatteetaten ut vedtak om avskilting og registreringssperre til dei som ikkje har betalt årsavgifta for køyretøyet sitt.
Totalt 127 000 køyretøy risikerer avskilting, noko som i følgje Skatteetaten er på same nivå som i 2016.
I Os er det 13027 registrerte bilar. 468 av desse har det ikkje blitt betalt årsavgift for i år, noko som tilsvarar 3,59% av bilparken. Tilsaman skulder desse 1 077 125 kroner i årsavgift.
Får tilleggsavgift
Alle som betaler årsavgifta etter forfallsdato, må betale ei tilleggsavgift. For bil og motorsykkel er den 250 kroner. Når årsavgifta er registrert betalt, trekk Skatteetaten avskiltingsvedtaket.
Kontrolleres køyretøyet av Tolletaten på vegen, kan køyretøyet framleis ha skilta på dersom eigaren betaler årsavgifta, tilleggsavgifta og eit gebyr på 900 kroner. Vert køyretøyet avskilta, må eigaren betale eit påskiltingsgebyr til Statens vegvesen på 1540 kroner.
I september kjem Skatteetaten til å be Statens innkrevjingssentral sende dei krava som framleis ikkje er betalte til tvangsinnkrevjing.
Avgift på avskilta køyretøy
Alle køyretøy som var registrert 1. januar i år, er årsavgiftspliktige i 2017. Sjølv om du avskilta køyretøyet etter 1. januar, fører ikkje dette til fritak for avgifta. Berre køyretøy som eigarane leverte til vraking seinast 20. mars 2017 får fullt avgiftsfritak.
Halv avgift ved vraking før 1. juli
Dersom eigaren leverer køyretøyet til vraking i perioden 21. mars til og med 30. juni, betaler Skatteetaten halv avgift tilbake til siste registrerte eigar.