Lokal | 15. feb. 2011

5 bilar - 2 kollisjonar

Tre bilar i ei rekkje på fem blei skadd i ein litt spesiell kjedekollisjon på Røykenes i dag.

5 bilar - 2 kollisjonar
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 15. feb. 2011 08:30

Tysdag i 8.50-tida støytte fleire bilar saman ved ER-AN på Røykenes.

- Det er ofte kø ved oblatautomaten, men denne gong var det ikkje automaten sin feil, den fremste bilen stoppa fordi han skulle inn på stasjonen, fortel Dag Andersen.

Dei første gjekk klar
Ein varebil med retning Bergen kjørte forbi den første avkjørsla til stasjonen og stoppa ved den andre for å venta på passasje. Ein varebil som kom bak klarte å stoppa, det same gjorde ein Golf.

- Så kom bil nummer tre, der føraren var flink og heldig, og svingte unna, inn på feltet der dei som skal kjøpa oblat står, fortel Andersen.

Så kom nestemann
Bil nummer fire, den mørke bilen på bildet, klarte ikkje ta den same manøveren på glatten, så den kjørte inn i hekken på golfen. Golfen blei skubba vidare inn i varebilen framfor, medan den fremste varebilen svingte trygt inn på ER-AN.

- Politiet er her no, men det ser ikkje ut som om nokon er skadd.

Etter snøfallet i natt er det litt glatt enkelte plassar.

- Rart det ikkje skjer oftare
Dag Andersen er ikkje overraska over at det skjer ulykker utanfor stasjonen og verkstaden.

- Akkurat i dag hadde det ikkje med oblatautomaten å gjera, men der er det ofte kø. To gongar i år har det vore kø heilt til brua til Tømmernes.

- Feltet der dei som skal kjøpa oblat kan stå er for lite. Eg har sagt ifrå til vegvesenet, at det nesten ubrukte fortauet ved automaten burde vore jamna ned i veghøgde, sånn at dei som skal til automaten kunne svingt ut av vegen.

- Vegvesenet har vore på synfaring, men førebels ikkje gjort noko, dessverre. Det er for dumt at ein oblatautaomat skal skapa sånne køar på E39, synes Dag Andersen.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.