Lokal | 03. sep. 2010

50 år i eige hus

Os sanitetsforening feirar sundag eit litt forseinka 50-årsjubileum for Kløvertun.

50 år i eige hus
Andris Hamrefredag 03. sep. 2010 13:47

Allereie under krigen i 1942 blei dei første kronene satt av til eit eige husfond, men det skulle gå 18 år før sanitetsdamene kunne flytte inn i deira eige hus.

Sykesøstre og sykestue
Sanitetsforeninga blei starta 25. mars 1913 etter invitasjon frå ordførar Mathias Erichsen. Foreninga fekk overlevert inntekten frå maiblomst- og merkesalet som hadde foregått i Os, i alt 817,- kroner.

Det første foreninga gjorde var å få tak i sykemateriell og ansetta ein sykepleierske. Fram til kommunen overtok ansvaret for søstrene i 1946 var det ansatt to sykesøstre som arbeidde med helsesøsterarbeid, tuberkuloserammede og øvrige sjuke.

Då Os Gamleheim i 1930 blei planlagt oppfordra sanitetsforeninga kommunen om gi plass til ei sykestue med vaskerom for syke fra bygda og tilbød seg å koste alt utstyret som senger, sengeklér og anna nødvendig utstyr.

Sunt kosthald, tannråte og spedbarnskontroll
Fram mot krigen var sanitetsforeninga involvert i kostholdskurs for unge jenter, hvor de arrangerte kokekurs over seks veker for å læra jentene sunt kosthald. Som eit resultat av desse kursa starta kommunen opp 5 månaders husmorskole etter krigen.

Foreninga var òg aktive bidragsytarar i kampen mot tannråte og for skoletannrøkt. Saniteten bidrog med pengar til skoletannrøkta frå 1931 til 1942 då kommunen overtok ansvaret.

I 1939 begynte sanitetsforeninga kontrollstasjon for spedbarn og småbarn med barnelege Emilie Thorsted i Bergen som lege, samtidig fikk man distriktslegen til å ha kontrollstasjon for vordende mødre.

Krigen kom og satte en foreløpig stopp for spedbarn kontrollen, men man fikk den igang igjen i 1941 med distriktslegen som leder.

Idéen om helsehus blei fødd
Mangelen på eigna lokale hadde vore følbare i mange år. Spesielt gjaldt dette for kontrollstasjonen for spedbarn som måtte halde til på legens kontor og dela venteværelse med dei sjuke som vente på å komme til legen. Ein lite ønska situasjon på den tida.

Dermed var ideen om eit eiget hus fødd og planane om å byggja Kløvertun som eit helsehus kom i gang.

Fram mot 40-årsjubileumet i 1953 arbeidde foreninga med å skaffe pengar til huset. I samband med jubileumet ba dei medlemmane om å gje ei jubileumsgåve og ein klarte å skaffe nok penger til å sette spaden i jorda i 1958.

Forklèkonkurranse
For å finansiere huset var kreativiteten stor og ein laga ei rekke konkurranser for å få inn pengar. Mellomanna blei det arrangert forklèkonkurranse, tøffel- og vottekonkurranse, grytelappkonkurranse og mannekengframsyning.

Med felles innsats fekk ein huset ferdig og i 1960 kom piano på plass før ein i 1961 kunne flagga på eigen flaggstang utanfor.

Redd for "fordaming"
I glansåra var nesten kvar ei kvinne i bygda medlem i sanitetsforeninga.

- 1959 var av dei åra det var flest medlemmar i foreninga med 1038 medlemmar, fortel dagens nestleiar Vigdis Thunold.

- I dag er vi omlag 120 medlemmar og vi blir berre eldre, seier Thunold som ønsker seg fleire yngre damer og jenter inn i foreninga.

Travle dagar
Kløvertun er eit populært samlingslokale, og leies ut til minnesamvær, bryllup, bursdagar og andre samenkomstar.

I tillegg finn ein både fysio- og aromaterapi i forretningsdelen av huset. Ei husvære i andre høgda gir òg faste inntekter.

Huset drivast med overskot. Pengar som sanitetsforeninga gjer videre til andre frivillige lag og organisasjonar i bygda.

- Fram mot jul er lokala utleigd kvar helg, så om ein planlegg eit arrangement må ein ta tidleg kontakt, fortel driftsleiar Thore Lunde.

Av dei som har faste samlingar i huset er Swingklubben og Os senioruniversitet.

- Sjøl bruker vi huset mest til styremøter og medlemsmøter, avsluttar Thunold og Lunde.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.