Familieverksemd: Mor og far Laila og Arne K. mellom Jenny og Arne Falk. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

50 år med båt på Drange

Arne K. Drange ville skapa ny verksemd ved sjøen på småbruket til foreldra. No er det fleire jubileum, runde dagar og planar om utviding av familieverksemda.

image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

A K Dranges Båtservice & Co fyller 50 år i år. Det gjer òg sonen Arne Falk, sjølv om det er hemmeleg. Samtidig har Arne senior nyleg fylt 80 år og søsterselskapet Motor-Drange AS er 30 år i år.

– Drifta består av tre nesten jamstore verksemder, verkstad, sal av nye båtar og utleige av båtplass. I tillegg har vi vårt eige «oljeselskap», Drange Oil, som sel drivstoff på kaien, fortel Arne Falk.

Motor-Drange hadde butikk i Bergen i over 20 år før dei i 2011, grunna mykje graving og anleggsarbeid i C. Sundtsgaten, flytta til Drange og fekk familien samla igjen.

Frå våpen til båt

Arne jobba på børsmemakarverkstad på Ulven i ti år før han byrja med båt.

– Han starta i eit naust som sto her. Den gong gjekk det i reparasjon av små påhengsmotorar, 3 hk, 6 hk og 10 hk.

Den første tilsette, Leif Arne Røttingen, byrja hos Drange på slutten av 60-talet.

– Verkstaden er ein svært viktig del av firma. Det var her alt starta, og vi har vore heldige som har hatt flinke mekanikarar som har jobba her lenge og vidareført kunnskapen frå år til år.

Ein som har vore ei svært viktig brikke er Lars Terje Røttingen, som var tilsett i nærmare 40 år før ferda gjekk vidare med FosenNamsos.

Det gamle naustet er framleis i vika, men blei flytta då ny verkstad skulle byggast. I dag er naustet blant anna innreia med kontor.

Verdifulle seniorar

Selskapa har fire fulltidstilsette og to ekstra i høgsesongen. I tillegg er dei pensjonerte gründerane, Arne K. og kona Laila i drift kvar dag.

– Far er altmoglegmann, og kjem òg med viktige innspel til mekanikarane. Han er unik når det kjem til dieselmaskiner. Mor held orden på tala våre, fortel Arne Falk.

Mens Midtsiden er på kaien kjem 80-åringen Arne susande på ein ATV. Han held på å fella nokre tre på tomta, der ny hall skal byggast, men må til sjøen for å henta noko. Arne senior er glad for at han har hatt kona med seg i drifta alle desse åra.

– Elles hadde ikkje firma vore her i dag, seier Arne K. kort.

Også dottera Jenny har full jobb i familieverksemda. Ho blei lei av omorganisering i gamlejobben og flytta heim for 10 år sidan.

200 båtplassar - og ny hall

Mens Drange-Motor står for sal og verkstad er det A K Drange som leiger ut båtplassar og vinterlagring.

– Vi har plass til 200 båtar. Vi har godt belegg, men det er alltid ein og annan plass ledig. Her får kundane både mekanisk hjelp, drivstoff og utstyr rett ved båtplassen, samtidig som vi ligg i ein fin del av skjergarden i Os, anten du skal til Strøno og Øyane, vest til Austevoll eller nordover til Bergen.

– Sist vi utvida hamna var for seks år sidan. No har vi eiga storbåt-brygge med plass til båtar opptil 50 fot.

Drange sine båtfirma ligg i strandsona på småbruket til familien. Der er det meir plass å ta av.

– Vi har byggemeldt ein ny hall på 300 kvadratmeter og skal sprenga og grava oss 25 meter inn bak dagens verkstad og kai. Den nye hallen skal husa verkstad og klargjering. Kanskje blir det òg ein mesanin med nokre kontor. Vi reknar med byggestart i 2019.

– Bli like flink med fjord som med fjell!

I dag er motoroane større enn før, både når det kjem til reparasjonar og sal. I brygga ligg òg nye båtar for sal. Skibsplast var eit viktig merke fram til dei i 2012 la ned produksjonen, no er det finske XO og amerikanske Bayliner det går mest av.

– Vi starta med XO for fem år sidan, og selte eit par i året i starten. No er vi oppe i 10-12 eksemplar per sesong, både til private og til proffmarknaden. Det er robuste båtar med røff og spesiell design.

• Les òg: Arne og Arne med røff utstilling på Sotra

Nyleg har Drange òg fått inn dei robuste River-båtane, som er populære hos born og ungdom.

– Det gler meg å sjå at det framleis er mange ungar som får veksa opp som eigar eller brukar av eigen båt, at dei lærer seg det praktiske, at dei får tillit, opplever utfordringar og meistring, noko som gir dei ekstra stor glede av å oppleva skjergarden vår.

– Vi i Noreg er flinke til å bruka fjellet, men det er viktig å ikkje gløyma å ta ungane med på fjorden, seier Arne Falk Drange.

Fleire saker