Kultur | 10. nov. 2009

50 år med skulekorps

Det nærmar seg jubileumsshow. Her kan du bli betre kjent med historia til Os & Kuventræ Skulekorps.

50 år med skulekorps
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 10. nov. 2009 22:04

Bildeserie:

1 av 2

50 år med skulekorps i Os:
Os & Kuventræ Skulekorps jubilerer med konsert i Fjellheim 21. og 22. november.

Det er i år 50 år sidan Os Skulekorps vart stifta. Det var foreldrelaget ved Os Skule som starta med det som då vart kalla ’musikkgruppa’.

Ein av initiativtakarane var Ola Midtbø. Gruppa lærte opp 128 elevar det første året og instrumenta var ulike blåseinstrument, piano og fiolin. Den første formannen var Knut Kristiansen og den første dirigenten, Ivar Tvedt.

Utover 60-talet hadde korpset ei jamn stigande utvikling. Dirigenten var heile dette tiåret, Ivar Tvedt, eller ’Ivar’n’ som han vart kalla. Han var ei eldsjel heilt utanom det vanlege. Det å få born til å spela saman i eige korps var ei sak han verkeleg brann for. Ved å sjå tilbake i gamle dokument får ein i allefall eit innblikk i kor mykje tid som vart lagt ned av Ivar’n.

Vi kan og sjå kor stort arbeid som vart lagt ned av leiarane for korpset i denne tida. Alt vart formelt utført i brevs form, - maskinskrive på gjennomslagspapir. Ein var særs opptekne av å takka alle i lokalsamfunnet som på ulike måtar støtta korpset.

Turar har vore, og er framleis, ein viktig motivasjonsfaktor for musikantane gjennom året. På 60-talet var Os Skulekorps på tur til mellom anna Øystese og Odda.

I informasjon til heimen frå 1965 skriv styret: Alle må ha med seg: sovepose eller ullteppe, brukes sistnevnte må en sy sammen 2=to stk. Kniv, skje og gaffel må en også ha med seg. Men i 1964 tok ein turen til Landsstevne i Oslo. Den vart omtala som ’verdens største musikkstevne’. Over 20.000 musikantar frå heile landet deltok. Osingane fekk sjå Fram/Kontiki-museet, Teknisk Museum og Holmenkollen. I tillegg vart det sightseeing på Oslofjorden. Det var ikkje lov å ha meir enn kr 30,- i lommepengar for heil Osloturen. Ei stor oppleving for alle.

I 1968 reiste korpset med båt (Kronprinsesse Märtha med 10 skulekorps) til Stavanger og derifrå vidare med tog til Kristiansand. Når ein snakkar med tidlegare musikantar er det felles for alle at turane vert dregne fram som dei beste minna..

1970-talet starta med eit verkeleg stort korps. I 1971 drog korpset med 43 musikantar, 10 drilljenter, rektor v. Os Ungdomsskule og 10leiarar til Manchester i England. Det vart anbefalt frå styret at musikantane fekk kr 10,- pr dag i lommepengar. Det var på denne turen at nokon av musikantane fekk prata med Dronning Elisabeth. Ho var på offisiell vitjing i byen på same tid og då ho fekk høyre at der var eit korps frå Noreg til stades, ville ho gjerne helsa på dei. Fotografane var sjølvsagt på plass og osingane blei flott avbilda i avisa ’Manchester Evening News’.

I åra som fylgde var det ikkje rom for dei kostbare turane. Vi finn i årsmeldinga for 1975 at korpset sleit med økonomien etter englandsturen, så dette året måtte musikantane nøya seg med ein tur til stevne på Kalandseid. Men, 1 1978 var korpset til Kongsvinger og til Gøteborg der dei spelte i Sjømannskyrkja. I 1979 (20 års jubileum) var Os Skulekorps eit verkeleg stort korps: 53 i hovedkorpset og 28 aspirantar.

12. des 1979 vart det bestemt å starta eige korps på Kuventræ Skule. Dette med bakgrunn i at mange ikkje fekk plass i Os Skulekorps. Den første formannen for Kuventræ var Eldrid Bjørnør og den første dirigenten var Lars Skorpen.

Det første året jobba styret med å skaffa pengar til instrumentkjøp. Vi finn i referatbøkene til korpset at’ ein treng ca. 120-130.000 Kva i all verden er det vi har påtatt oss?) ’
Instruksjon starta hausten 1980.

Korpset marsjerte for fyrste gong i 17.mai toget på Os i 1982. Det var ei fin gruppe musikantar, med kvite pologensrar og fløyelsbukser. Uniformar fekk komma seinare!

80-talet var eit aktivt tiår for begge korpsa. Os Skulekorps hadde sommaren 1981 tur til Færøyane med båten Smyril (populært kalla ’Spyril’). Seinare gjekk turane til stemner i fylket, men deltok og på konkurransar på Hamar og i Horten. I Os Skulekorps sitt jubileumsår 1984 gjekk turen til Danmark.
Kuventræ Skulekorps hadde turar til både Sverige,Tyskland og England i denne på 80-tallet. Men i 1985 heldt dei seg i heimbygda då Os Skulekorps stod som arrangør for Hordastemne. Her fekk korpset 1. premie for beste marsjering inn på stevneplassen. Det var heile 32 korps med og juryen var einstemmig i avgjeringa si.

Tidleg på 90-talet sleit Os Skulekorps hardt med rekrutteringa. Dei som var igjen av musikantane reiste til Nore Neset og spelte med korpset der. Kuventræ Skulekorps hadde ikkje dei same problema. Til slutt vart ein einig om at samanslåing var det rette.

Frå august 1993 vart korpset heitande Os & Kuventræ Skulekorps. Geir Mildestveit som då hadde dirigert Kuventræ i nokre år, vart dirigent for det samanslåtte korpset.

Etter to år med Bjørn Vidhammer som dirigent overtok Irene Renate Graven i 1996. Ein starta aktivt rekrutteringsarbeid på skulane og delte korpset inn i aspirantkorps, juniorkorps og hovedkorps. Denne inndelinga har korpset hatt sidan. Turar i dette tiåret gjekk til m.a. England,Gøteborg, Lillehammer, Røros og Kristiansand.

I 2001 deltok korpset for første gang i NM og har gjort det fleire gonger seinare. Dei seinare åra har ein hatt fleire show-oppsetjingar i Fjellheim. Her får ein visa ei meir utradisjonell side av korpsmusikken og ikkje minst, få samarbeide med andre musikantar og dansarar i Osbygda

I 2003 overtok Gry Pladsen dirigentpinnen og Haldis Bårdsen i 2008.

I jubileumsåret har korpset totalt 54 medlemmer og ei god rekruttering. Jubileet vart markert med ein flott tur til Danmark i juni 2009 og vidare med show i Fjellheim 20. og 21. november.

…. og litt om visjonar
Då Foreldrelaget ved Os Skule 28. januar 1959 gjorde opptakten til å skipa Os Skulekorps var hensikten
å skapa interresse for musikk, legga grunnen til godt kameratskap og elles skapa eit godt miljø mellom unge. Også eit skulekorps skal ha ei grunnleggjande visjon og vi ser at desse orda passar heilt inn i tankane vi gjer oss om det å driva skulekorps i 2009.

Speling i korps må seiast å være det ultimate lagarbeid, der det samla resultatet er heilt avhengig av at samtlige gjer jobben sin. Gode enkeltprestasjonar og ei sterk ’førsterekke’ er vel og bra i korpssamanheng også, men dei verkeleg gode resultata får ein ikkje før absolutt alle leverer sitt bidrag. Dessutan representerar korpsa ein glimrande arena både for grunnleggjande musikkopplæring og ein stad der ein blir kjent med eit breitt spekter av musikalske genrar. Svært mange av dagens profesjonelle musikarar, det være seg innanfor både klassisk, jazz, rock og pop, hadde sitt første møte med musikk gjennom eit eller anna skulekorps.

Det sosiale med skulekorpset er heilt uvurderleg. Det er mykje lettare å halda på spelegleda ved å spele saman med andre og gjere opplevingar saman.Vi har ein fantastisk gjeng med born og ungdommar i Os & Kuventræ Skulekorps.Vi vaksne som har ulike verv i korpset er privilegerte som får samarbeide med denne gjengen!

Velkomen på jubileumsshow i Fjellheim laurdag 21. nov. kl. 16.00 eller sundag 22.nov kl.17.00.

Showet presenterar musikk ungdom har lytta til frå 1959 og fram til i dag. Vi er heldige som har med oss dansarar frå kulturskulen, songarane Gina Aspenes og Eirik Strønen Søfteland, dessuten ei kompgruppe der alle har ei bakgrunn frå korpset. I pausen vert det sal av kaffi og kaker og framvisning av gamle bilete.

Styret, Os & Kuventræ Skulekorps

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.