Siste lossing i Fusa søndag kveld. (Foto: Universal Logistics Bergen AS)

50 meter lange løft og slep

Bildeserie: I går kom bølgedemparane frå Tallin. Sånn blei dei sjøsett.

image
image
image
image
image
image
image
Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Det var nesten 100 hjul på trailer og hengarar som køyrde Os kommune sine to neste bølgedemparar frå fabrikken til kaien i Tallin i førre veke.

• Les òg: Dei neste bølgedemparane er på veg

Natt til onsdag gjekk båten med 2 av dei 3 siste bølgedemparane som skal skjerma Os hamn, søndag i 15-tida var det ankomst for mellomlanding ved Framo sin kai i Fusa.

– Dei to løfta tok berre 10-15 minutt kvar, men det var ein del å koordinera før og mellom kvart løft, fortel Heine Jarland, dagleg leiar og medeigar i Os-selskapet Universal Logistics Bergen AS.

Kvar av bølgedemparane er:
• 50 meter lange
• 1,5 meter brei
• Stikk 3,36 meter djupt
• Veg 75 tonn

I tillegg til to store mobilkranar, hadde det i forkant kome 10-12 lastebilar med motvekt til kranane. Då første bølgedempar var løfta opp, la lasteskipet frå kai for sjøsetjing. Så kom Samba AS med MS Molly og slepte bølgedemparen vekk før lastebåten la til kai med motsett skuteside for neste løft.

Hentar sistemann om to veker

– Det blei ein lang dag, eg var i Fusa frå klokka 13 til 23. Men no ligg begge bølgedemparane på sjøen, klar for slep til Os når det er klart for montering.

Os kommune skal først få lagt ein sjøkabel frå Ohara-prosjektet, så skal dei to bølgedemparane setjast i system saman med den som kom til Os for nesten to år sidan.

– Den fjerde og siste bølgedemparen er i produksjon. Transport blir rundt 25. oktober, fortel Jarland.

Frå u-hjelp til spesialtransport

Det var Universal Logistics Bergen som sto for shipping også av den første bølgedemparen.

– Det er ikkje uvanleg at store modular blir frakta til sjøs, men det er alltid litt spennande, og ein del ekstra jobb, med slike spesialoppdrag, seier Jarland.

Selskapet hans har transportert mykje for oljenæringa, men har dei siste åra jobba mykje mot ei heilt annleis kundegruppe.

– Då oljeprisen for nokre år sidan gjekk drastisk ned, måtte vi gjera ting på ein litt annan måte. Vi fekk ein relasjon til NOREPS, og har frakta mykje utstyr til nødhjelp frå Tyskland og Italia til land som Jemen og Somalia.

NOREPS (Det norske beredskapssystem) er eit nettverk mellom Utenriksdepartementet, norske frivillige organisasjonar, Innovasjon Norge og norske leverandørar av varer og tenester til nødhjelpsoperasjonar.

– Men vi har òg andre kundar i Os, som naboverksemda vår her i Os Næringspark, 2stabilise. Det blei ei positiv overrasking at vi fekk eit selskap i denne bransjen som ein av våre nærmaste naboar. Vi har både frakt og lager i Aberdeen for denne driftige gjengen.

Siste lokale oppdrag var ikkje blant dei største, men delikat likevel; vin frå Spania til Det endå større Bjørnafjordenmåltidet!

Fleire saker