Onsdag blei siste låta "Ha meg til eg dør" spelt inn i ORBO sitt studio på Os. Koret Fonos deltar på låta. (Privat foto)
Onsdag blei siste låta "Ha meg til eg dør" spelt inn i ORBO sitt studio på Os. Koret Fonos deltar på låta. (Privat foto)

50 stemmer på ny ORBO-plate

Kva har Herborg Kråkevik, Steinar Albrigtsen, Twang Gang, Fonos og Os Mannskor til felles? Alle syng på ORBO sitt komande album.

Kjetil Vasby Bruarøy
11. januar 2013 - 12:29

På kvinnedagen fredag 8. mars kjem ORBO med soloplate, "Steingard", hans første på norsk.

Men heilt solo er han ikkje.

– Eg har andre vokalistar med meg på 4-5 låtar, nokre for duett, andre for koring, fortel Ole Reinert Berg-Olsen.

– Dei passa til låtane

I november fekk vi snikpremiere på låta "Heim til Os" (sjå video) som også blei sendt ut til husstandane i Os som julehelsing frå kommunen.

I desember hadde ORBO Steinar Albrigtsen i studio i Os. Dei to syng duett på låta "Midnattsol".

– Det var ikkje bestemt på førehand at eg ville ha med andre, men då eg høyrde korleis låtane blei så fekk eg lyst til å ha med andre på nokre av dei.

– Det passa rett og slett berre godt inn, fortel ORBO.

Medan nordlendingen Albrigtsen syng på "Midnattsol" er vossatrioen Twang Gang med på låta "Vossamadonna".

Siste innspeling

Når det kjem til tittel er det kanskje ikkje like logisk at Herborg Kråkevik syng på "Statuen" og Os-koret Fonos korar på "Ha meg til eg dør". 

– Herborg var i studioet mitt siste veka før jul, Fonos stilte med rundt 30 vokalistar onsdag denne veka.

– Det var siste innspelinga til plata, torsdag i neste veka skal den vera ferdig mastra klar for trykking.

Kultur-hestehandel

ORBO er fortel om fantastisk respons hos dei han har invitert med på plata, frå soloartistar til band og lokale kor.

– Eg har gjerne spurd om dei kan avsjå ein tredel av koret, så har dei stilt nærmast fullt kor, i fantastisk humør.

– Os Mannskor og Fonos held veldig høgt nivå, dei har imponert meg!

– Dette blir litt kultur-hestehandel, mange har stilt opp for meg og eg stiller gjerne opp for dei i neste sving, seier ein takksam Ole.

Til saman blir det rundt 50 ulike stemmer å høyra på "Steingard", som får 10-13 låtar.

Longshottar og andre musikarar

Også musikarar har stilt opp for ORBO, frå Twang Gang, som både speler og syng alle tre, til Eric Jaskowiak, som har produsert for ORBO, og speler trommer på minst éi av låtane på det komande albumet.

Tidlegare ORBO-trommis Magnus Skylstad bidrar også, og frå The Longshots er Reidar Opdal med på piano og Ine Tumyr på perkusjon.

– Kva med resten av bandet ditt?

– Det har blitt litt tilfeldig ut frå kven som har hatt tid. Vi jobbar med eit anna album saman som skal koma ut til hausten, eit dobbelalbum med best of, røper ORBO.

"Steingard" skal ha sleppefest på Madam Felle fredag 8. mars, laurdag 9. mars blir det konsert i Oslo.

– Det blir nok konsert i Os i år også, men det er førebels ikkje bestemt tid og stad, seier Ole Reinert Berg-Olsen.

Les meir om

Kultur ORBO