Lokal | 15. mai 2012

6 månadar med fotoboksar

10. november 2011 blei dei to ATK-boksane på Halhjemsvegen sett i drift. Det er tydeleg at den eine boksen har hatt det travlare enn den andre.

6 månadar med fotoboksar
Fotoboksen mot Halhjem har skaffa staten 162 000 kroner så langt i år (foto: Andris Hamre)
Kari M. Lyssandtirsdag 15. mai 2012 12:09

I november i fjor fortalde Midtsiden om korleis dei første dagane med Os sine første fotoboksar hadde gått. Det blei då rapportert at boksen i retning Halhjem hadde hatt ein fangst på 100.000 kroner på fem dagar.

Les også:100.000 kroner på 5 dagar

Meir oppmerksam

Så korleis har fangsten vore vidare? Har osingane og andre passerande blitt meir merksame på fotoboksane?

Statistikk i frå trafikkoordinator Inge Nordstrønen ved Bergen sentrum politistasjon, tyder på det.

Førebels i 2012 har registreringar frå dei to ATK-boksane enda i bøter for 178.400 kroner, så summen har blitt kraftig redusert.

Ser vi på fotoboksen i Arnanipatunnelen til samanlikning, har den cirka like mange passeringar som eine boksen i Os, men bilførarar har måtta punga ut med 1.617.900 kroner.

Tydeleg skilnad

Statistikken frå politiet viser også at det er den eine ATM-boksen i Os som står for hovudinnteninga til staten. Medan retning nord (mot Os) har knipsa bilder av bilistar for 16.400 kroner, er det travle ferjebilistar (?) på veg sørover som oftast går på ein smell.

Fotoboksen i retning mot Halhjem har sopt inn 162.000 kroner frå januar i år til no.

Ingen førarkortbeslag

Bilistane har så langt kome seg gjennom blitsregnet på Halhjemsvegen med førarkortet i behald.

For å mista lappen må ein ha ein fart over 106 km/t i 70 sona.

Tala for januar 2012 fram til no for Halhjem sør:

  • Kontrollerte: 163
  • Vedtatte forenkla førelegg: 90
  • Sum forelegg: 162.000 kroner
  • Passerte: 102.795

Tala for januar fram til no for Halhjem nord:

  • Kontrollerte:14
  • Vedtatte forenkla førelegg: 9
  • Sum bøter: 16.400 kroner
  • Passerte: 87.024

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.