600 laks er fiska opp igjen etter rømming
Gjenfiske for Bolaks held fram til fredag.
Tips frå ein yrkesfiskar som hadde fått laks i garnet førte til at det blei oppdaga rømming hos Bolaks onsdag i for ei veke sidan.
Dykkarar fann ei 2 x 3 meter stor rift 30 meter nede i ein merd i lokasjonen «Oterstegdalen» ytst i Eikelandsfjorden.
• Videooreportasje: På innsio - Bolaks (2017)
Det er uvisst kor lenge denne rifta har vore der.
Laksen som er i merden er frå 3 til 6 kilo.
600 laks er fiska opp igjen
Fiskarar innleigd av Bolaks har drive gjenfiske i ei veke. Det er etablert mottak på Lammaneset.
– Oppteljing i går viser at gjenfisket så langt er oppe i 600 laks, seier seniorrådgjevar Geir Martin Kvamme i Fiskeridirektoratet region vest.
Gjenfisket varer førebels til fredag 9. februar.
– Då tar vi ei ny vurdering, blant anna ut frå spreiing av laksen, om gjenfisket skal halda fram ei stund til.
Intern gransking
Midtsiden har i formiddag ikkje lykkast i å få tak i administrerande direktør Bjørg Mette Holmefjord Antonsen.
Til Kyst.no seier ho at dei, saman med Fiskeridirektoratet, er midt i ei intern gransking av hendinga.
– Dette arbeidet er prioritert, og vil pågå nokre dagar til, seier Antonsen til Kyst.no tysdag.
Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?
Les meir om
Last ned Midtsiden-appen idag
No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.
- Gratis å lasta ned
- Bli varsla straks noko skjer
- Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.