Kultur | 08. des. 2020

65 av 75 turar blei avlyste

No ber MS Midthordland om hjelp.

65 av 75 turar blei avlyste
MS Midthordland ved kai i Os hamn i juli i år. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvightirsdag 08. des. 2020 13:35

MS «Midthordland» fekk seg eit skot for baugen i oljekrisa i 2015, med avbestilte firmaturar i ulike variantar. Men den gamle sjøbussen frå 1947, som med åra har blitt «Bjørnafjordens Dronning», har halde seg travel.

Etter ein korona-vår med rundt 40 bestillingar som blei kansellerte, frå bryllaup og blåtur til Tysnesfest og Skånevik Bluesfestival, tok eigarane sjølv grepet og regien med tre musikk-cruise frå Os og Våge i juli.

65 av 75 turar vart avlyste

MS Midthordland blei bygd ved AS Stord i 1947 og gjekk 23 år som fjordbuss. Etter å ha segla under svensk flagg som MS Midland frå 1971 til 1975, og engelsk som MS St Lucy 11 år til 1987, kom skuta tilbake til Noreg, og i 1994 frå Oslo til Vestlandet. Båten fekk status som verneverdig av Riksantikvaren i 1995.

I skrivande stund pågår det ei Spleis-innsamling til inntekt for den gamle fjordbussen.

Dagleg leiar i Midthordlandske Dampskibselskap AS, Helge Andersen, fortel at initiativet til innsamlinga kom etter det han stadfestar, var ein katastrofalt dårleg sesong for båten.

– Totalt sett fekk vi vel segla 65 av dei vanlegvis 75 oppdraga vi plar ha på ein sesong. Det er klart at dette får konsekvensar for drifta av båten.

Andersen fortel at valet om å starta ein innsamlingsaksjon ikkje berre var lett for eigarane bak båten.

– Vi har alltid klart oss gjennom sesongane, men å måtte gå til det steget å «tigga» om penger fell ikkje lett for oss. Men status er at vi ligg 260.000 kroner i minus i forhold til kor vi bør liggja ved sesongslutt.

– Innsamlinga er ein måte for oss å synleggjera situasjonen for båten som vi veit betyr mykje for mange.

Trygg vinterlagring måtte vika

Andersen fortel at det har vore lite å henta frå dei ulike kompensasjonsordningane som har kome på plass sidan mars.

– Vi fell på mange måtar mellom stolane når vi ser etter mogleheiter for kompensasjon for tapte inntekter. Heldigvis har vi fått noko støtte frå kommunen gjennom ordninga med gåvekort.

Reint praktisk inneber blant anna underskotet at båten no ligg under open himmel på Vedholmen.

– Utgifter til ei sikker og god vinterlagring med god inndekking, har vi ikkje mogleheita til å ta. Då vert det meir minus på den minusen vi allereie har etter årets katastrofalt dårlege sesong.

Tenkjer allereie alternativt for 2021-sesongen

Andersen beskriv situasjonen for MS Midthordland som alvorleg, men han trur ikkje det går mot konkurs for aksjelaget som eig og driftar båten.

Til no har 54 gjevarar støtta båten med 28.461 kroner i Spleis-innsamlinga. Blant desse er to firma som kvar har gitt 5.000 kroner kvar. Dette inneber at 10 prosent av det ønska innsamlingsbeløpet er på plass.

– Vi set umåteleg stor pris på alle dei som har støtta oss til no, og om denne innsamlinga ikkje veks seg større, er eg sikker på at MS Midthordland blir å sjå på fjorden til neste år òg.

– Ein ting vi må vurdera, er om vi som aksjonærar må gå inn med meir kapital for å sikra drifta og framtida til båten. Samstundes må vi tenkja alternativt for 2021-sesongen. Er det andre måtar vi kan sørga for dei inntektene båten treng for å vera i drift?

Men å tenkja for nytt kan òg innebera ein risiko fortel Andersen;

– Vi tek ofte på oss ein auka risiko når vi sjølv står som arrangør, men det er klart at vi jobbar med ein «Plan B» for neste sesong, fortel Andersen, som legg til at Spleis-innsamlinga held fram i 23 dagar til.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.