Lokal | 25. jan. 2018

66 prosent auke innan overgrep mot barn

Statistikk for Vest politidistrikt viser ein stor auke i talet på seksuallovbrot.

66 prosent auke innan overgrep mot barn
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytorsdag 25. jan. 2018 08:07

I går la Vets politidistrikt fram statistikk for 2017. Samla sett har talet på seksuallovbrot i Vest politidistrikt auka med 26,7 % frå 2016 til 2017.

Det blei registrert 203 valdtektssaker i 2017, ei auke på 17,3 % frå året før. Talet inkluderer også forsøk på valdtekt. Det er ikkje mogleg ut frå tala å seie om det er ein reell auke eller om fleire har valt å melde lovbrota til politiet.

Har svikta dei yngste

Det er framleis ein kraftig auke i talet på saker som gjeld seksuelle overgrep mot barn.

Dette gjeld barn i alle definerte aldersgrupper: under 16 år, under 14 år og under 10 år. For desse gruppene blei det registrert 392 saker i 2017 mot 236 i 2016, ein auke på 66 %.

Samanliknar ein med talet for 2015 (155 saker) har det i løpet av dei siste to åra vore ein auke på 153 %.

Politiet vonar at auka fokus på seksuallovbrot mot barn, mellom anna gjennom media og OP Dark Room, gjer at fleire står fram og melder slike lovbrot og at den auka innsatsen frå politiet kan verke førebyggjande overfor potensielle lovbrytarar.

– Tala er ekstremt høge, samtidig som vi veit det er store mørketall. Dette viser dessverre at det har vore mange barn som ikkje har fått den hjelpa dei trengte av politiet då dei trengte det, seier visepolitimester i Vest politidistrikt, Ida Melbo Øystese, i eit intervju med BT.no.

Det har vore ein nedgang på 13 % i talet på gjennomførte tilrettelagde avhøyr av barn og personar med psykisk utviklingshemming siste året. Vest politidistrikt gjennomførte 520 tilrettelagde avhøyr i 2017, mot 599 i 2016.

Fleire unge lovbrytarar

Talet på påtaleavgjorte saker der gjerningspersonen er under 18 år er langt høgare i 2017 enn året før, med ein auke frå 1.169 til 1.587 saker.

Det skal i stor grad vera det politiet kallar «sårbar ungdom» som går igjen i statistikken. Politiet har hatt auka satsing på tidleg innsats, blant anna for å få ein betre oversikt over ungdom i risikosonen.

Vest politidistrikt har nytta ungdomsstraff ved 3 tilfelle og ungdomsoppfølging i 39 av desse sakene.

Nedgang i vinningskriminalitet - men fleire innbrot i hus

Det er ein fortatt reduksjon i vinningskriminaliteten samanlikna med tidlegare år.

Totalt ble det i fjor registrert 10.102 vinningslovbrot, mot 10.934 saker i 2016. Dette er ein nedgang på 7,6 %, også på landsbasis er det nedgang i denne kriminalitetstypen.

Samstundes er tjuveri og grove tjuveri frå bustad eit problemområde. Talet på denne typen meldingar til politiet har auka.

Talet på ran og utpressingssaker er kraftig redusert dei siste åra, og denne utviklinga har halde fram i 2017.

Over 1000 sivile saker i veka

I 2017 kom det inn til saman 60.310 saker innan den sivile rettspleie i Vest politidistrikt, mot 55.927 året før, ein vekst på 7 %.

Det er i det vesentlige ein fortsatt auke i krav om utlegg som gir vekst i talet saker totalt.

Talet på søknader om gjeldsordning er det same som for 2016 mens talet på forliksklager har dei siste åra vist ein nedgang. Talet på forkynningar har òg gått noko tilbake i 2017.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.