Lokal | 19. sep. 2018

7 år med tryggleik

«Trygg i Os» fylte Oseanasalen. Deltakarane fekk både informasjon, oppmoding og underhaldning.

7 år med tryggleik
Arrangementet var utselt. (Foto: Kjetil Osablod Grønvigh)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighonsdag 19. sep. 2018 09:18

Bildeserie:

Opning ved elevar frå Os barneskule.  (Foto: KOG)
Opning ved elevar frå Os barneskule. (Foto: KOG)
Bruarøy og Søviknes. (Foto: KOG)
Bruarøy og Søviknes. (Foto: KOG)
Monica T. Melvold. (Foto: KOG)
Monica T. Melvold. (Foto: KOG)
Rådmann Fotland. (Foto: KOG)
Rådmann Fotland. (Foto: KOG)
Tone S. Borgen. (Foto: KOG)
Tone S. Borgen. (Foto: KOG)
Tor Endresen. (Foto: KOG)
Tor Endresen. (Foto: KOG)
1 av 6
Opning ved elevar frå Os barneskule.  (Foto: KOG)
Bruarøy og Søviknes. (Foto: KOG)
Monica T. Melvold. (Foto: KOG)
Rådmann Fotland. (Foto: KOG)
Tone S. Borgen. (Foto: KOG)
Tor Endresen. (Foto: KOG)

Ikkje eit sete var ledig då Os kommune saman med Os Eldreråd inviterte til den sjuande versjonen av Trygg i Os.

Tema for dagen var «Song og glede», og mykje song, humor og informasjon vart det.

Før dørene opna inn til storsalen kunne deltakarane i tillegg henta seg nyttig informasjon frå eit stort utval stands i foajeen.

54 unge røyster og 2 ordførarar

Til å opna programmet hadde arrangørane fått 54 engasjerte 2.klassingar frå Os barneskule. Dei song seg rett i hjartene til det vaksne publikummet, kor det tydeleg sat opptil fleire stolte besteforeldre.

Den offisielle opninga vart teken av, for denne anledninga, begge dei to ordførarane i Os. Invitasjonen hadde gått til Marie Lunde Bruarøy, men på måndag tok Terje Søviknes som kjend over vervet, så i god sportsleg ånd stilte dei begge.

Nyttig informasjon med redningsvest på

Konferansier for dagen var Tove Hille, leiar i Os Frivilligsentral. I kjend laussluppen stil losa ho forsamlinga gjennom eit knippe foredrag.

Først ut var kommunalsjef for helse og omsorg, Monica Totland Melvold.

Melvold informerte om nye tiltak innan tenesteområdet og korleis vegen vert vidare fram mot Bjørnafjorden kommune.

«Kommune i endring» var tema for rådmann Christian Fredrik Fotland sitt foredrag, nydeleg innleia av Hille (iført redningsvest) som ville vera trygg i Bjørna-fjorden.

Store endringar

Fotland synleggjorde dei store endringane Os har vore gjennom bilde og historiske tilbakeblikk.

– Framtida er trygg, understrekte han.

– Nett no pågår det ikkje mindre enn 39 delprosjekt i dei to kommunane som 1. januar 2020 vert til Bjørnafjorden kommune.

– Det vert endring, det kan eg lova dykk. Sjå berre på kva Nordhordalandsbrua og Askøybrua hadde å seia for Knarvik og Askøy. Ikkje berre vert vi ein mykje større kommune arealmessig, vi kjem mykje tettare på Bergen med nye-E39.

– Ver digitalt aktive!

Inbyggardialog og digitale helsetenester var tema for det siste foredraget for dagen.

Fagkonsulent Tone Søreide Borgen var tydeleg i si oppmoding til forsamlinga.

– Ver digitalt aktive, og logg dykk på helsenorge.no med éin gong dykk kjem heim. Meir og meir av dei offentlege tenestene vert digitalisert, og helsenorge.no er plattformen kunne Søreide Borgen fortelja.

– Ein ser at det er utfordringar med ei slik heildigitalisering, men eg kan lova dykk at det framleis skal vera mogleg å ringa oss, og det kjem og løysinger på papir var fagkonsulentet snøgg med å understreka.

Søreide Borgen var i tillegg innom utfordringar og løysingar kring det å gje fullmakter for pårørande digitalt.

Ingen er så nydeleg som du, Tor

Etter eit godt etegilde og loddtrekning var det klart for kulturelt innslag.

Arrangørane hadde verkeleg treft med årets underhalding.

Evig-unge Tor Endresen vart ønskt velkomen på scenen til låta «Ingen er så nydeleg som du», sungen av heile forsamlinga.

Slik berre Endresen kan, vart det det ei flott avslutting på ein dag med og om tryggleik i Os.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.