Sport | 13. juni 2015

7. plass i fjellmaraton

Rundt 20 osingar deltok i Bergen Fjellmaraton, fleire av dei brukte under tre timar på 21,1 km, Geir Skaten tok 2. plass i sin klasse.

7. plass i fjellmaraton
Geir Skaten på veg i gjørme over Vidden. (Privat foto)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 13. juni 2015 08:03

For to veker sidan skulle Geir Skaten forsvara NM-tittelen sin i motbakke, men turen austover blei avlyst.

– Det var ingen andre frå Os som skulle bortover og vêret var veldig dårleg så eg droppa det, fortel han.

Men førre veke var han raskaste osing i TIF Viking sitt arrangement Bergen Fjellmaraton, som var nytt i fjor.

21,1 km på under to timar

Bergen Fjellmaraton blei arrangert på kvelden torsdag 4. juni. Løpet har start på Montana og går over Vidden med mål på Skansemyren.

– Det var visst ein del osingar med i fjor, men løpet er nytt for meg. Det var gjørmete og ganske krevjande forhold, seier Skaten, nøgd med 7. plass og å koma i mål på 1 time og 52 minutt, som var nest beste tid i klassen menn 40 til 49 år.

I klassen over, menn 50 til 59 år, tok Stein Kjetil Hefte ein sterk 4. plass med tida 2 timar og 16 minutt.

Marianne Flister var med 2 timar og 53 minutt raskaste kvinne frå Os og landa på 16. plass i 40 til 49 år.

Fleire Os-resultat

Opptur Motbakkeklubb stilte med ni deltakarar. Også andre frå Os deltok i fjellmaraton over Vidden.

K40-49
16. Marianne Flister (Opptur Motbakkeklubb) 2:53:50,9
17. Hege Sande (Nordstrøno) 2:54:55,6
27. Trude Fjæreide (Nordstrøno) 3:09:19,9

M20-39
19. Anders Dræge (Statoil Bil) 2:08:30,4

M40-49
2. Geir Skaten (Gular) 1:52:01,9
34. Eivind Hodneland (Os) 2:25:56,0
42. Stein-Ove Adriansen (Opptur Motbakkeklubb) 2:31:08.0
62. Trond-Ove Wik (Opptur Motbakkeklubb) 2:41:36,5
63. Thomas Knarvik (Opptur Motbakkeklubb) 2:42:29,0
65. Ole Petter Matthiessen 2:43:22,8

M50-59
4. Stein Kjetil Hefte (Opptur Motbakkeklubb) 2:16:09,5

Turklassen (dei fleste med tid på mellom 3 og 4 timar):
Gjermund Engelsen, Veronica Hægland, Halvor Hagland, Edel Mo, Kjersti Sandvik, Gunnar Stokke og Charlotta Strandmark.

SJÅ FULL RESULTATLISTE

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.