Kultur | 04. apr. 2012

70 filmar frå 38 land

«Iron Sky» og «The Avengers», kortfilmar og dokumentarar. 60° Nord favnar breitt også i år.

70 filmar frå 38 land
The Avengers med mellomanna Robert Downey Jr, Scarlett Johansson, Samuel L. Jackson og Chris Hemsworth får noregspremiere under festivalen (foto/copyright: Marvel/Disney)
Andris Hamreonsdag 04. apr. 2012 08:24

60° Nord Os internasjonale filmfestival går for første gong av stabelen i Oseana kunst- og kultursenter.

- Forutsetningane frå tidlegare festivalar har endra seg i og med at vi har fått denne storstova. Difor har òg formatet på festivalen endra seg noko, seier pr-sjef Christoffer Kobbeltvedt.

- Sjølv om vi no har kjøpt inn nokon fleire kommersielle filmar skal vi likevel ta vare på festivalen sin identitet og særpreg med ei uformell stemning og tett kontakt mellom publikum og bransjefolk.

PR-sjefen lovar ei veke spekka med godbitar frå 38 land over heile verda.

- Det at vi no tek ei lita avgift for å melda filmen sin på til festivalen gjer nok at kvaliteten på dei innsendte bidraga er høgre enn nokon sinne.

Slik blir filmveka

Her får du filmveka presentert i korte trekk. Arrangementskomiteen jobbar framleis med å få alle bitane på plass og lovar fleire godbitar i tida fram mot festivalstart.

Laurdag 21/4: Offisiell opning m/bl.a. «The Lady», filmen om Aung San Suu Kyi, som opningsfilm.

Sundag 22/4: Film dagen lang frå klokka 12. Mellomanna visast Rolv Lyssand Bjørø sin siste kortfilm «Paradox».

Måndag 23/4: Filmvisningar for barnehagane i Os på dagen. Filmar for publikum frå klokka 18. Mellomanna visast Joe Cornish sin spelefilmdebut actionkomedien «Attack the Block».

Tysdag 24/4: Filmvisningar for barnehagane i Os på dagen. Filmar for publikum frå klokka 18. Mellomanna blir det festframsyning av den mykje omtala og påventa «Iron Sky». Regissør Timo Vuorensola kjem til festivalen for å vera med på visninga og festivalen.

Onsdag 25/4: Filmar frå klokka 18. Foredrag/fagleg program med Erlend Rydning om engelsk humor frå 80-talet til i dag. Korleis har britisk politikk påverka humoren vi er så glad i Noreg? «Ectstasy» er basert på novella «The Undefeated» av Trainspotting-forfattar Irvine Welsh er ein av filmane som visast.

Torsdag 26/4: Tema: TV-seriar. Foredag/Fagleg program med Alex Iversen, medieviter om TV – det nye filmformatet.

Filmquiz kor bransjefolk og publikum deltek på same lag.

Fredag 27/4: Filmar frå klokka 18. Foredrag/fagleg program «Musikk for film og TV» med komponist Raymond Enoksen som mellomanna har laga vignettane for Lars Monsen, Lindmo og den internasjonale Melodi Grand Prix-finalen i 2010.

Noregspremiere på «The Avengers» med mellomanna Robert Downey Jr, Samuel Jackson og Scarlett Johansen.

Visning av «The Rocka» med mellomanna Thomas Seltzer frå Turboneger og Ronnie le Tekrø frå TNT. Konsert med bandet frå filmen etter visninga.

Laurdag 28/4: Galla med rød løpar og alt som høyrer ein galla til. Orbo, William Hut og Shaun Bartlett med fleire bidreg musikalsk. Utdeling av prisar. Nachspiel m/DJ på biljarden. 18-årsgrense. Eigne billettar.

Billettar til festivalen er lagt ut på billettservice.

- Dette gjeld kun vekespassa og billettar til gallaen. Dagspassa vil bli selde på Oseana og Playcom under sjølve festivalen, avsluttar Kobbeltvedt.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen
For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.