Sport | 26. juli 2010

70 mil på gjørme og stein

Tre døgn. 70 mil. 10 av dei med sykkelen på ryggen. Sigurd Beldo tok 2. plass i Offroad Finnmark.

70 mil på gjørme og stein
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 26. juli 2010 12:30

I fjor meldte han seg på for å læra meir om terrengsykling, sidan han skulle undervisa i faget. Det enda med 3. plass. For ei veke sidan kom han og kameraten Sven Tore Nilsen i team DnB NOR på 2. plass i 700 kilometer lange Offroad Finnmark.

- Vi sykla litt raskare enn i fjor, men sidan det har regna mykje den siste tida var forholda mykje verre i år, seier Sigurd til Midtsiden.no.

Sigurd, som budde i Os i ungdomen, underviser framleis i idrett ved høgskulen i Alta. I fjor sykla han med kollega Geir Kristoffersen, i år med ein lokal ski- og sykkelentusiast, Sven Tore Nilsen.

3,5 døgn på ritt
700 kilometer med myr, fjell og mange høgdemeter gjorde at vinnarane brukte 2 døgn og 21 timar på å koma i mål. Sigurd og Sven Tore kom 15 timar bak.

- Etter prologen, som er 9 kilometer og 900 høgdemeter, med andre ord raskare å gå enn å sykla, var vi 20 minutt bak dei som kom først.

- Ei stund etter at rittet starta låg vi lenge tre timar bak, men då vi tapte litt og litt til vinnarlaget og hadde 10 timar bak til 3. plassen hamna vi i eit vakum. Vi kunne kanskje ha kjempa endå hardare og kome 8 timar bak vinnarane, men vi hadde nok aldri blitt med i kampen om å vinna.

Lite søvn
Det er 3 obligatoriske stopp på turen, kvart stopp på 3 timar.

- I praksis blei det 1 time og eit kvarter med søvn på kvart stopp, for det går med litt tid til eting og tekniske justeringar på sykkelen.

Vakkert mareritt
Lys er ikkje noko problem, sidan det er midnattsol på denne tida av året. Men Offroad Finnmark er eit ekstremt ritt i ekstrem natur.

- Det kjem erfarne terrengsyklistar opp her og trur dei skal sykla på sti. Dei får seg ei overrasking og to, for her er det alle formar for terreng. Vi syklar etter GPS og ofte er det sånn at vi tenkjer «det kan ikkje stemma at vi skal opp der eller over den elva».

Til saman rundt 10 av dei 70 mila, altså om lag same distansen Bergen-Voss, var terrenget så krevjande at deltakarane måtte bera sykkelen.

- Sidan rittet no har oppretta ei kortare løype, som er 300 kilometer lang, var det ikkje så mange som fullførte den opprinnelege på 700 kilometer. Men dette er noko eg kan anbefala, å jobba knallhardt i tre døgn, og oppleva så fin og variert natur frå morgon til natt, er verkeleg noko for seg sjølv, meiner Sigurd Beldo.

Her kan du lesa meir om Offroad Finnmark.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.