Lokal | 25. nov. 2016

75 tonn i eitt løft

Heine Jarland frå Universal Logistics var sjølv på plass i Tallin då bølgebrytaren til Os i dag blei løfta om bord på MS Mini Star.

75 tonn i eitt løft
Eit stort enkeltkolli og eit godt løft av leverandørane til Universal Logistics i Tallin i ettermiddag. (Foto: Universal Logistics Bergen AS)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøyfredag 25. nov. 2016 17:34

Bildeserie:

Jarland var sjølv i Tallin for å sjå lasta gå frå land i dag. (Foto: Universal Logistics Bergen AS)
Jarland var sjølv i Tallin for å sjå lasta gå frå land i dag. (Foto: Universal Logistics Bergen AS)
Bølgebrytaren skal no til Fusa for å få signallys før forankring utanfor Os hamn. (Foto: Universal Logistics Bergen AS)
Bølgebrytaren skal no til Fusa for å få signallys før forankring utanfor Os hamn. (Foto: Universal Logistics Bergen AS)
Om den eine gjer jobben skal tre nye leggast ut.
Om den eine gjer jobben skal tre nye leggast ut.
1 av 3

Dårleg vêr gjorde at den spesialdesigna bølgedemparen, den første av det som kan bli fire skjermar utanfor Os hamn, fekk utsett transport frå torsdag til fredag.

Les òg: Desse skal halda bølgebrytaren på plass i Os hamn

I dag blei den løfta om bord på svenske MS Mini Star, eit 107,5 meter langt cargoskip frå Sverige, for transport til Noreg og inn Bjørnafjorden.

50 meter og 75 tonn

– Det er eit ganske stort kolli, og det største enkeltkolliet vi har hatt i ordre til no, seier dagleg leiar og medeigar i Os-selskapet Universal Logistics Bergen AS.

Selskapet har fire tilsette og er ei av årets gasellebedrifter i Os.

Jarland reiste sjølv til den estlandske hovudstaden for å få med seg løftet og avreisa.

Bølgebrytaren er 50 meter lang og veg 75 tonn. Når to mobilkranar må til, så blir det litt koordinering i begge endar av transporten.

Til Os i neste veke

Mini Star la i ettermiddag frå land i Tallin. Transporten til Noreg tar ikkje mange dagane, men båten skal innom blant anna Danmark på vegen.

– Den er venta til Bjørnafjorden i slutten av neste veke, fortel Jarland.

Bølgebrytaren skal som kjent innom Fusa, for montering av signallys, før forankring utanfor Os hamn.

Om den første gjer jobben kjem det fire bølgedemparar utanfor Os hamn. Os kommune har sett av rett over 20 millionar kroner til skjerminga av hamna, og ein modell av bølgebrytaren er på førehand testa i basseng i Spania.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Tilbod: 1 månad for 1 kr

No kan du lesa Midtsiden.no i 1 månad for kun 1 kr.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Frå 145 kr/md.
Les meir og bestill

Abonnementet blir fornya kvar månad. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.