Sport | 12. okt. 2020

800 timar zumba med Susan

Laurdag blei 10 år med zumba på Nore Neset markert.

800 timar zumba med Susan
Susan Askvik og zumbagjengen feira seg sjølv på laurdag. (Foto: privat)
Kjetil Osablod Grønvigh
Kjetil Osablod Grønvighmandag 12. okt. 2020 18:43

– Du veit, den gongen skulle alle driva med zumba. Det var det store nye innan treningsform, og alle kjøpte seg DVD-ane som viste korleis vi skulle trena heime framfor tv-apparatet.

– Eg fann fort ut at det eigentleg var grådig einsamt å trena åleine på denne måten. Og med det vart ideen om å samla folk til felles zumba-trening på Nore Neset fødd.

Dette fortel primus-motor og instruktør Susan Askvik.

Laurdag feira zumbagjengen seg sjølv og dei første 10 åra med fellestrening i Symrasalen i Nore Neset Aktivitetshus.

Fullstendig treningsrunde med eit stort smil

Askvik fortel at ho oppdaga treningsforma saman med venninna Karin Bøyum.

– Det var vel på Youtube at vi såg dei første videoane, før vi, som «alle andre» gjekk til innkjøp av DVD-ane som var kome på marknaden.

Askvik fortel at zumba er ein treningsform som har eksistert i Noreg i om lag 12 år. Fokus ligg på å trena heile kroppen. Det heile er pakka inn i latinamerikansk musikk som gjer at treningsøktene er dansbare.

Wikipedia om zumba: Zumba er et dans- og treningsprogram basert på latinomusikk som ble konstruert av den kolombianske danseren og koreografen Alberto «Beto» Perez på 1990-tallet.

– Men du treng ikkje vera noko stor dansar for å få til zumba, understreker Askvik.

– Musikken er så gøy oppløftande at du blir riven med uansett. Øvingane og rørslene er heller ikkje kompliserte eller vanskelege å læra seg.

Susan fortel at ho i si tid sjølv drøymde om å bli dansar, men at i zumbaen fann ho ein danseform som passa henne.

– Nei, noko stor dansar vart eg ikkje, ha, ha! Men i zumbaen treng du litt hukommelse og du må vera glad i å bevega deg. Og så må du sjølvsagt vera glad i musikk. Resultatet vert då ei god treningsform kor du verkeleg får sveitta frå deg.

– Det er nok mange som verkeleg blir overraska over kor breitt dei smiler mens treninga pågår, og ikkje minst kor sveitte dei er etterpå.

Få laurdagens trening - og feiring. (Foto: privat)
Få laurdagens trening - og feiring. (Foto: privat)

Utdanna av belgisk ballettdansar

Etter at Askvik hadde konkludert med at zumba, åleine framfor tv-en, ikkje var vegen å dansa, valde ho å melda seg på eit instruktørkurs i Stavanger.

På kurset fekk inspirasjonen frå ein belgisk ballettdansar den skotske norenesingen til å byrja å setja opp fellestreningar i Symrasalen.

– Eg hugsar det var smikkande fullt med forventningsfulle fjes då eg skulle ha første timen, og eg skal lett innrøma at eg var pissnervøs før det heile starta.

Susan fekk spesiallaga t-skjorte til jubileet i gåve av treningsvenene. (Foto: privat)
Susan fekk spesiallaga t-skjorte til jubileet i gåve av treningsvenene. (Foto: privat)

Må bjuda på

10 år seinare er zumba framleis ikkje berre eit fenomen på Nore Neset, men i heile verda, ifølgje Askvik.

Sjølv har ho etterutdanna seg undervegs, og lett rekna meiner ho at ho har leia om lag 800 zumbatimar sidan oppstarten.

På spørsmål om kva ho trur er grunnen til at treningsøktene framleis trekk fulle hus - no sjølvsagt med noko mindre kapasitet grunna koronapandemien, må Askvik trekkja fram seg sjølv.

– Dette kan jo koma heilt feil ut, men det handlar veldig mykje om instruktøren. Her må du rett og slett «bjuda på deg sjølv». Eg er meg sjølv, eg gløymer ting og eg tabbar meg ut på treningane av og til.

– Med den haldninga trur eg at folk ganske kjapt får senka skuldrene når dei kjem på treningane. Spesielt dei som kjem for første gong. Så ja, eg vil jo vera tydeleg så at alle får det beste ut av treningane, men samtidig er det godt med humor og smil rundt heile økta.

Askvik legg til at i tillegg til seg sjølv har ho god hjelp i vikar- og hjelpande hand, Kristine Hjelle Hatlelid, til å driva treningane på Nore Neset.

Feira seg sjølv

Askvik fortel at ho i utgangspunktet hadde andre og større planar for 10-årsmarkeringa, men som med så mykje anna om dagen, måtte ho skalera ned planane grunna den pågåande pandemien.

Løysinga vart trening og feiring hand i hand.

– Vi hadde ei fantastisk trening saman på laurdag!

Det var sjølvsagt ballongar og kake, og saman med tre av dei som har vore med sidan starten fann vi fram nokre av dei gamle dansane vi starta opp med. Eg fekk dei med meg opp scenen, og det vart ei skikkeleg mimrestund.

Kake vart det òg på treninga. (Foto: privat)
Kake vart det òg på treninga. (Foto: privat)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.