Politi | 12. mars 2026

9-åring utsett for vald. Politiet ønsker kontakt med gjerningsperson og vitne.

Ein gut i ungdomsskulealder skal ha tatt tak i ein gut i barneskulealder og slengt han bortover fotballbanen.

9-åring utsett for vald. Politiet ønsker kontakt med gjerningsperson og vitne.
Politioverbetjent oppmodar dei som kan vita noko til å ta kontakt. Foto: Kjetil Vasby Bruarøy / Midtsiden
Susann Haukeland Børnes
Susann Haukeland Børnestorsdag 12. mars 2026 08:56

Onsdag tidleg ettermiddag fekk politiet melding om ei valdshending på Nore Neset.

Episoden skal ha skjedd ei veke tidlegare. Onsdag 4. mars mellom klokka 18.20 og 18.40.

– Ein gut i ungdomsskulealder skal ha tatt tak i ein gut i barneskulealder og slengt han bortover fotballbanen, opplyser politioverbetjent Anne Lyssand.

Ho fortel at ungdomsskuleguten i tillegg skal ha hengt sykkelen, til ein av to gutar på staden, opp i eit tre.

Politiet ber gjerningspersonen og eventuelle vitne om å ta kontakt med politiet.

– I dag har vi open politivakt mellom klokka 9 til 15, eller så kan de ringe 02800, oppmodar Lyssand.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om