Norwegian er blant flyselskapa som kjem med nye ruter frå Flesland (t.v.) neste år. Her over Blomsterdalen og Hjellestad. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)

9 nye direkteruter frå Flesland

Neste år kan du fly til Legoland eller over Englandsbåten sitt gamle kjølvatn. 

Av: Kjetil Vasby Bruarøy

Fleire flyselskap har lansert nye direkteruter frå Bergen lufthavn Flesland (BGO) den siste veka. Nokre av ruetene er i gang, andre startar i 2020, som Norwegian sine to turar per veke mellom Bergen og Billund.

–  Billund er for mange synonymt med Legoland, og for andre eit godt utgangspunkt for å reisa vidare i Danmark. Vestlendingane er glade i Danmark, med denne nye ruta blir nok tilknytinga sterkare, seier lufthamndirektør på Bergen lufthavn Flesland, Helge Eidsnes, i ei pressemelding.

• Les òg: Ny rekord på Flesland (januar 2019)

Flyplassen i Billund ligg nær både Legoland og feriestaden Lalandia, kjent for sitt store badeland med «innandørs-syden».

Alicante, Palanga og Newcastle

Fleire turer til Spania blir det òg, frå april aukar Norwegian frå 4 til 7 avgangar per veke frå Bergen til Alicante. Ei ny rute som allereie er i gang, er til Tenerife sør.

Ei anna ny rute som fører til sand mellom tærne går til «Baltums Syden», kystbyen Palanga i Litauen, ei rute Norwegian startar med i oktober 2020.

Ifølgje VG er det fleire flyselskap som opnar nye ruter frå Bergen i 2020, blant anna Wizz Air til Krakow og Loganair til Newcastle. 

Det er 11 år sidan Englandsbåten gjekk sin siste tur mellom Bergen og Newcastle, ei rute som ifølgje BT har gått sidan 1800-talet, og som det har vore forsøk på å gjenoppta.

Her er alle dei nye rutene frå Flesland:
Gdansk (Norwegian) frå 27. oktober 2019
Manchester (Norwegian) frå 28. oktober 2019
Tenerife sør (Norwegian)* frå 29. oktober 2019
Palanga (Norwegian)* frå 30. oktober 2019
Riga (airBaltic) frå 31. mars 2020
Newcastle (Loganair)* frå 26. april 2020
Billund (Norwegian)* frå 18. juni 2020
Barcelona (SAS) frå 27. juni 2020
Krakow (Wizz Air) frå 1. august 2020
(Kjelde: VG) 

* ny destinasjon

Fleire saker