Sport | 01. sep. 2009

9 sigrar i Sandefjord

Os Roklubb vann 9 gull, 2 sølv og 1 bronse i Foldenfjordsregattaen i helga.

9 sigrar i Sandefjord
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 01. sep. 2009 21:58

Os Roklubb fekk mange flotte plasseringar under Foldenfjordsregattaen i Sandefjord i helga.

- Det blei ein liten regatta utan dei store klubbane frå Austlandet på deltakarlista. Heller ikkje Bergens eller Fana deltok, seier rosjef Lars Erik Jansen til Midtsiden.no.

Sjølv om ikkje konkurransen var så hard er han nøgd med innsatsen og resultata til dei ni roarane frå Os som tok turen til Sandefjord.

Korta ned
Regattaen skulle gå over ein distanse på 2000 meter på Foldenfjorden ved Sandefjord. Grunna sterk vind blei laurdagens regatta korta ned til ein sprintregatta på 300 meter.

- Regattaen sundag blei flytta til Goksjø utanfor Sandefjord, der også åtterløpet gjekk. Distansen på Goksjø var 1350 meter, fortel Jansen.

Vinnarane
Os vann tilsaman 9 løp og fekk andreplass i to og éin tredjeplass.

Os vann åtterløpa i seniorklassen begge dagar (John Henrik Wivegh, Lasse Hægland, Amund Bjørnevik, Rune Skåtøy, Simen Jensen, Torbjørn Mehammer, Bård Monsen, Lars Erik Jansen, styrmann: Erling Øyasæter).

Dei vann også senior dobbelfirar (Torbjørn Mehammer, Rune Skåtøy, Lars Erik Jansen og Bård Monsen) begge dagar og junior B dobbelscullar (Amund Bjørnevik og Erling Øyasæter) sundag og junior A dobbelscullar (Simen Jensen og Lasse Hægland) laurdag.

- Også Erling Øyasæters siger i singelsculler junior B, som er hans første siger i singel nokosinne, blei eit fint minne frå turen, meiner rosjefen.

Helga 12. til 13. september stiller Os i fem klassar under NM på Voss. Målet er fire medaljar - og å ta klubbens første NM-gull.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.