Politi | 17. juli 2023

93 av 94 var edru

Politiet hadde fem promillekontrollar i helga.

93 av 94 var edru
Trafikken frå Våge og Tysnesfest (t.v.) blei nøye kontrollert gjennom helga. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøymandag 17. juli 2023 08:26

Politiet har hatt fem promillekontrollar i helga, fire av dei på Halhjem ferjekai, som har hatt ekstra trafikk i samband med Tysnesfest.

Fredag morgon klokka 08.30 blei 21 trafikantar kontrollerte, utan at det gav utslag.

Laurdag morgon sjekka politiet 13 personar, også då var alle edru.

Søndag formiddag hadde dei tre kontrollar. Først blei 20 sjekka i Os sentrum og 38 på Halhjem, utan at politiet fann noko å reagera på.

Så, klokka 10.55, stoppa dei ein bilist på Halhjem som blåste raudt.

– Vedkomande, ein 25 år gamal mann, blei tatt med til legevakt for blodprøve. Sak er oppretta, seier politioverbetjent Anne Lyssand.

Det har også blitt fatta mistanke om ein ruspåverka båtførar under festivalen. Han blei funnen på ei hytte (!).

– Politibåten lokaliserte den mistenkte sin båt, til kai. Med god hjelp av publikum blei mistenkte lokalisert på ei hytte i nærleiken, skreiv Vest politidistrikt på Twitter laurdag i 23.50-tida.

På festivalcampen har det også vore noko å ta tak i.

Laurdag morgon i 05.20-tida fekk politiet først melding om ein pågåande mann som oppsøkte folk, ifølgje meldar for å selja narkotika. Vekter prøvde i 1,5 time å få han vekk, og politiet gav mannen, som er i 40-åra, pålegg om å fjerna seg.

Så, i 08-tida, fekk politiet melding om ein valdsepisode. Ein mann blei slått i hovudet då han ba nokon dempa musikken. Han vil melda hendinga.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.