Kultur | 23. jan. 2016

Abbath går solo – får terningkast 5

Olve «Abbath» Eikemo debuterer som soloartist. «Dette er rock'n'roll, bare i en hvassere og mer mannevond variant», meiner BT.

Abbath går solo – får terningkast 5
Olve «Abbath» Eikemo. (Arkivfoto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøylørdag 23. jan. 2016 08:28

Rockaren Abbath frå Lysefjorden er tilbake, denne gong som soloartist.

Med Immortal blei det 7 album mellom 1990 og 2003. I 2009 kom dei tilbake med albumet All Shall Fall, eit album dei blei nominert til Spellemannprisen med, men takka nei til heile nominasjonen.

Abbath har med seg Tom Cato «King ov Hell» Visnes (tidlegare Gorgoroth, Audrey Horne og Sahg) og trommespelar Kevin Foley (Benighted, livemusikar for Sepultura og Sabaton) på sitt første soloalbum.

Albumet, som har tittelen «Abbath», kan du høyra smaksprøvar av på denne YouTube-kanalen.

– Meir rocka enn Immortal

«De nesten heavy metal-aktige gitarriffene holder alle jevnt over godt nivå med fine nyanser og meditativ kraft, men er på sitt beste når Abbath er på sitt mest pønkete.» skriv BT sin musikkmeldar Petter Lønningen.

Lønningen held fram med «Fans av Immortal vil finne mye som minner om gamlebandet her, men albumet Abbath er en langt mer rockete affære», og gjev gjev albumet terningkast 5.

Du kan lesa heile anmeldelsen her (krev innlogging/abonnement).

Ifølgje BT, som viser til Dagbladet, er det krangel med Harald «Demonaz» Nævdal om rettigheitersom førte til brotet med Immortal.

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Les meir om

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.