Lokal | 19. sep. 2017

«Aber Bergen»-innspeling i Os

I dag er det premiere på sesong 2. Scenar til tre episodar er spelte inn ved Kysthospitalet.

Odd-Magnus Williamson (Erik Aber) og Ellen Dorrit-Pedersen (Elea Bergen) klar for opptak utanfor Kysthospitalet. (Foto: Kjetil Vasby Bruarøy)
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 19. sep. 2017 09:44

Bildeserie:

Produksjonsleiar Linda Bolstad Strønen. (Foto: KVB)
ITV fekk låna kapellet til sminke og kostyme. (Foto: KVB)
Linda og Kjell-Gunnar frå Os saman med skodespelar Taule. (Foto: KVB)
Ellen Dorrit-Pedersen som Elea Bergen. (Foto: KVB)
Kjell-Gunnar Knudsen i aksjon. (Foto: KVB)
ITV hadde 14 statistar i Hagavik. (Foto: KVB)
Odd-Magnus Williamson som Erik Aber. (Foto: KVB)
Sesong 2 har premiere i kveld. (Foto: KVB)
Produksjonsleiar Linda Bolstad Strønen. (Foto: KVB)
ITV fekk låna kapellet til sminke og kostyme. (Foto: KVB)
1 av 8
ITV fekk låna kapellet til sminke og kostyme. (Foto: KVB)
Linda og Kjell-Gunnar frå Os saman med skodespelar Taule. (Foto: KVB)
Ellen Dorrit-Pedersen som Elea Bergen. (Foto: KVB)
Kjell-Gunnar Knudsen i aksjon. (Foto: KVB)
ITV hadde 14 statistar i Hagavik. (Foto: KVB)
Odd-Magnus Williamson som Erik Aber. (Foto: KVB)
Sesong 2 har premiere i kveld. (Foto: KVB)
Produksjonsleiar Linda Bolstad Strønen. (Foto: KVB)

«Frisk og frekk», skreiv VG om den Bergens-baserte TV3-serien «Aber Bergen» etter premieren i september i fjor. Allereie før jul var det bestemt at det skulle koma ein sesong 2.

Serien, som handlar om det fråseparerte paret Erik Aber og Elea Bergen sitt advokatforma, er produsert av ITV Studios.

I slutten av august var ITV i Os for å spela inn ei rekkje scenar ved Kysthospitalet i Hagevik.

Produksjonsleiar frå Os

Responsen var god då produksjonsselskapet etterlyste statistar til opptak på «Kysten».

– Vi trengte 14 statistar og det var kjapt gjort. Folk frå blant anna Os og Tysnes meldte seg, og vi har delt desse 14 inn i to puljer, fortel produksjonsleiar Linda Bolstad Strønen.

Linda er frå Os og har jobba hos ITV siden 2015. Ho tenkte på Kysten med det same det blei klart at dei trengte eit sjukehus i rolege omgjevnadar.

– Dette var i mai. Vi ba om eit møte og leiinga ved sjukehuset var positive med éin gang. Vi har fått låna kapellet til sminke og kostyme, og må sjølvsagt ta omsyn til at pasientar kjem og går, sjukehuset er i normal drift mens vi speler inn, fortel locationmanager Tore Vatne i ITV.

– Fint å vera ute

Midtsiden fekk fotografera på settet, men ingen ville seia noko om kva som blei fanga på film denne dagen.

– Det er eit ganske stort plot. Vi filmar innhald til fleire episodar eit lite stykke ut i sesongen, fortel Linda.

ITV hadde eit crew på rundt 25, blant anna Kjell-Gunnar Hjartholm Knudsen, også han frå Os, som er del av kameracrewet.

– I dag er det berre fem skodespelarar, men produksjonshastigheten er stor om dagen. Vi filmar 8-9 manussider per dag, seier produksjonsleiaren.

Odd-Magnus Williamson (Erik Aber) og Ellen Dorrit-Pedersen (Elea Bergen) var ikkje tilgjengelege for samtale med lokalpressen mens dei førebudde seg på neste scene, men det var Oliander Taule, som speler sonen til advokatparet, Jørgen Aber Bergen.

– Dette er deltid for meg, ved sidan av studier, men det er veldig kjekt å vera med! Det er ganske gøy å filma utandørs, spesielt i så fine omgjevnadar som her i Hagavik, sa Oliander til Midtsiden.

Sjølvforsvar og drap

I kveld er det premiere på sesong 2.

Dette skriv TV3 om første episode:

En tilsynelatende vanlig mann blir angrepet på en ventebenk på togstasjonen og i selvforsvar dreper han den ene overgriperen. Erik Aber blir drapsmannens forsvarer, og til tross for at mannen ikke sier et eneste ord til verken sin advokat eller politiet, greier Erik å få ham løslatt med fotlenke og et høyt kausjonsbeløp. Etter løslatelsen avsløres det imidlertid at mannen sannsynligvis står bak drapet på en uskyldig bosnisk bygningsarbeider tidligere samme dag, noe som blir tyngende for Eriks samvittighet. Har han frikjent en morder?

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Bli medlem du også!

Di støtte gir liv til lokalavisa vår.

  • Tilgang til alt innhald
  • Utan bindingstid
  • Fra 36 kr/uke
Se priser

Abonnementet blir fornya kvar måned. Du kan seia opp kor tid du vil, og blir då ikkje belasta for neste periode.