Actic Os blei ny frå topp til tå
Lite utstyr gjekk ut, mykje nytt kom inn, likevel ser det større og meir ope ut under Oshallen.
I mai blei fleire tonn med nytt treningsutstyr frå svenske Eleiko og italienske Techny Gym levert utanfor Os Idrettspark på Kuventræ.
Mottakar var naturlegvis treningssenteret Actic, som held hus i underetasjen i Oshallen.
– Actic har over 250 senter i blant anna Skandinavia og Tyskland. Actic Os er det sjette av 26 i Noreg som no skal gjennom «re-branding» med nye golv, nye fargar og ny utstyrspark, fortalde Klas Lindgren frå kjedekontoret.
Heldt stengt ei veke
Senteret på Kuventræ skulle halda stengt bere to dagar for å pussa opp og skifta ut utstyr, men var akkurat kome i gang då huseigar (Os kommune) godkjente at dei opna opp mellom to rom.
– For å få ferdigstilla alt i same omgang heldt vi stengt i ei veke. Etter dette har det berre vore småting som skulle ferdistillast, fortel leiar for Acic Os, Jørgen Wold.
Han seier kundane viste tolmod, og at dei var svært nøgde då dei kom tilbake.
Dobla frivektavdeling
Den største forskjellen, med unntak av heilhetsinntrykket, er at ein spinningsal er ofra til fordel for frivekter.
– Vi skal framleis ha spinning, men syklane er no lagra og blir trilla inn og ut av gruppesalen til dei aktuelle timane.
Det er opna mellom dei to lokala, og frivektavdelinga har blitt ny og meir enn dobbelt så stor. Mesteparten av utstyret er heilt nytt.
– Vi fekk plass til meir enn vena, og kvitta oss med ganske lite. Mange har sine favorittar, så du skal vera varsam med å fjerna mykje utstyr òg.
Det nye utstyret kom i tillegg.
Solid løpe- og trappetrening
Mens Eleiko no pregar frivektavdelinga har Techno Gym no kome inn i kondis/kardio-delen av apparatavdelinga.
Her er ei full rekke med tredemøller på plass.
– Vi har òg fått ei ny rekke for ekstra effektiv trening av setemusklar og lår, med ulike step- og trappemaskiner, fortel Jørgen og viser.
– Mange elipsemaskiner er så lette at du kan stå i timesvis nesten utan å bruka krefter. Her er det effekt frå første steg.
Sjølv om senteret sto klar i ny versjon samtidig som bransjen går inn i ein roleg sesong, seier Wold at rekrutteringa har vore god.
– Vi merker og at etter opninga av ny dobbelthall, med parkeringsplass og direkte inngang i underetasjen, så har det kome fleire innom til oss. No er vi spent på korleis «sesongstarten» etter sommarferien blir.