Kultur | 28. mars 2017

Ada Keita Band med ny låt og ny video

Her slepp Ada Keita Band sin første singel, «Love In Vain», frå det komande debutalbumet.

Ada Keita Band med ny låt og ny video
Kjetil Vasby Bruarøy
Kjetil Vasby Bruarøytirsdag 28. mars 2017 20:40

Bildeserie:

Ada Keita. (Pressebilde, foto: Vegard Skorpen)
Ada Keita. (Pressebilde, foto: Vegard Skorpen)
Ada Keita Band sin første gig på Os, påsken 2015. (Foto: KVB)
Ada Keita Band sin første gig på Os, påsken 2015. (Foto: KVB)
Romjulsblues 2015, også det på Peppes/Bar(t). (Foto: KVB)
Romjulsblues 2015, også det på Peppes/Bar(t). (Foto: KVB)
1 av 3
Ada Keita. (Pressebilde, foto: Vegard Skorpen)
Ada Keita Band sin første gig på Os, påsken 2015. (Foto: KVB)
Romjulsblues 2015, også det på Peppes/Bar(t). (Foto: KVB)

I morgon, onsdag 29. mars, er offisiell sleppedato for Ada Keita Band sin første singel frå det komande debutalbumet - i ruta over kan du både høyra låta og sjå den ferske musikkvideoen til bandet.

Ada Keita er ein 24 år gamal vokalist busett i Os. Ada er dotter av Salif Keita, ein meir kjent afropop-artist.

I Os speler ho med eit knippe lokale, talentfulle musikarar - og har dei siste åra fokusert på å skriva retropop, soul og jazz saman med musikar og produsent Vegard Skorpen.

Lokal debut påsken 2015

Ada Keita Band var berre ein knapp månad gamalt då Ada Keita, Vegard Skorpen og Håvard Moberg spelte live på Os første gong, på påskeblues på Peppes i 2015 (sjå video). Med seg hadde dei Vegard sin bror, Kjetil, på trommer.

Bandet var tilbake på romjulsbluesen same år (sjå video), då med Åse Kristin Urdahl på piano og Marian Capitan på trommer. Åse og Marian speler òg på «Love In Vain».

– Vi har halde oss litt unna livescenen den siste tida for å øva og for å bruka tid i studio. Vi har no spelt inn 10-12 låtar, og vil sleppa fleire i vekene som kjem, seier Ada Keita Hansson til Midtsiden.

Ulik inspirasjon

Kjærleiksballaden «Love In Vain» ligg no på YouTube, Spotify og Itunes.

– Vi har fleire balladar, men dei er ganske ulike. «Love In Vain» er straight pop, noko inspirert av jazz, andre har tonar eller rytmar frå reggae og country, fortel vokalisten og frontfiguren.

– Den neste låten vi slepp kjem om eit par veker. Det er ein god vårlåt, ein meir happy song.

Både Ada og Vegard var involvert i Carina Blålid sitt Os-songen-prosjekt i 2015 (Sjå musikkvideo og live-framføring på 17. mai).

– Vi har eit veldig bra samarbeid. Vi liker mykje av den same musikken og har veldig like musikalske referansar, seier Vegard, som i fjor fekk terningkast 5 i BT for sitt andre album med bandet «Empty Bottles, Broken Heart».

• Les òg: Fann låten sin på YouTube

– Vegard skriv, speler, filmar, lager video og produserer - han er altmoglegmannen frå himmelen! seier Ada.

«Love In Vain» - musikkvideo
Music/lyrics: Vegard Skorpen and Ada Keita
Vocal: Ada Keita
Piano: Åse Kristin Urdahl
Drums: Marian Capitan
Bass: Håvard Moberg
Guitar/Vocals/Organ/mix: Vegard Skorpen
Film crew: Anders Westhrin and Håvard Moberg
Drone: Øystein Skorpen
Video: Vegard Skorpen
High five to: Anders Fløysand, Kjetil Skorpen, Trond Foss, Stein Ole Moberg, Thomas Ryland Olsen

• Sjå òg: Not even Close (YouTube. Ada Keita/Vegard Skorpen si første låt, men truleg ikkje del av det komande albumet)

Spennande? Vil du ha ukas høgdepunkt i innboksen?

Last ned Midtsiden-appen idag

No kan du følgja nyhende frå Os - rett i appen.

  • Gratis å lasta ned
  • Bli varsla straks noko skjer
  • Tilgjengeleg i App Store og Google Play Store
Last ned appen

For å få tilgang til alle sakene i appen må du vera abonnent.