Det blir pakka 200 tonn med mat i veka hos Oleanna, men 1. januar 2017 flyttar Adams Matkasse pakkinga ut av Os. (Foto/skjermskot: Ørjan Håland)
Det blir pakka 200 tonn med mat i veka hos Oleanna, men 1. januar 2017 flyttar Adams Matkasse pakkinga ut av Os. (Foto/skjermskot: Ørjan Håland)

Adams Matkasse flyttar pakkinga ut av Os

38 Oleanna-tilsette er varsla om at pakkeriet mister storkunden frå nyttår. – Det er trist, men vi jobbar hardt for å få inn nye kundar, seier Geir Søviknes.

Kjetil Vasby Bruarøy
01. november 2016 - 11:42

I januar 2014 blei det kjent at gründarane av Adams Matkasse ville skapa stor aktivitet i det tidlegare Drageset-bakeriet (Familiebakeriet) i Os.

Adams Matkasse AS auka frå 6,9 millionar i omsetnad i 2013 til 302,7 millionar kroner i 2015.

Matkassane, som blir sendt ut over heile landet, blir pakka av Oleanna AS i Industrivegen i Os.

Sjå video: På innsio - Oleanna AS

Oleanna har auka frå 4,9 til 16,2 millionar kroner i omsetnad frå 2013 til 2015, og har 38 tilsette.

Men frå 1. januar skal matkassane pakkast av andre.

– Vi har vore veldig nøgde med Oleanna, seier Lasse Smedsvig, som saman med Adam Bjerck er to av dei fire grunderane bak Adams Matkasse.

Han viser vidare til direktør Veslemøy Fredriksen for detaljar om avtalen, men Midtsiden har førebels ikkje fått kontakt med Fredriksen.

– Trist beskjed

Oleanna AS er eit frittståande pakkeri med Adams Matkasse som stor kunde, men som òg kan ta på seg pakking for andre.

– Pakkinga for Adams Matkasse utgjer så og seia heile omsetnaden vår. Vi har jobba knallhardt alle desse tre åra for å levera kvalitet i raskt aukande volum, og eg er stolt over dei tilsette og kva vi har fått til, seier dagleg leiar Geir Søviknes.

Han har òg fått svært gode tilbakemeldingar frå kunden, både på kvalitet, orden og kundeservice.

– Det var ein trist beskjed å få, og å gje vidare. Kort varsel blei det òg, men vi skal stå på ut året for å levera ut kontrakten.

Dei tilsette fekk beskjed fredag for halvanna veke sidan.

Rigga for nye, store oppdrag

I tillegg til opplæring og rutinar hos tilsette er det gjort store investeringar i lokala over og ved sidan av Meny i Industrivegen.

– Her har vi både lager og store areal, vi kan handtera varer med temperaturkontroll, frå frysevarer til over 40 varmegradar, og vi har produksjonslinjer som er fleksible og kan riggast for nye kundar.

– Vi jobbar ute i marknaden for å få inn nye kundar sånn at vi kan halda aktiviteten oppe i lokalet. Vi har kort tid på oss, men er vi gode og får full klaff så kan vi koma i gang igjen for andre oppdragsgjevarar på nyåret.